SATSAR PÅ REISELIV OG LÆRLINGAR: Faglærar i reiseliv ved Voss vidaregåande skule, Guri Vaage Mossige (i midten) og Jan Fredrik Fleicher i Voss næringshage er to av dei som samarbeider om ein ny lokal profil på lærlingordninga i reiseliv. Til venstre prosjektleiar Hanne Lykkja. Foto: Jørn Nyseth Ranum / Nærøyfjorden verdsarvpark.
SATSAR PÅ REISELIV OG LÆRLINGAR: Faglærar i reiseliv ved Voss vidaregåande skule, Guri Vaage Mossige (i midten) og Jan Fredrik Fleicher i Voss næringshage er to av dei som samarbeider om ein ny lokal profil på lærlingordninga i reiseliv. Til venstre prosjektleiar Hanne Lykkja. Foto: Jørn Nyseth Ranum / Nærøyfjorden verdsarvpark.

Lokalt reiseliv vil spleisa på reiselivslærlingar

Fleire reiselivsbedrifter og vidaregåande skular i Aurland og Voss ønskjer å samarbeida om reiselivslærlingar. Målet er å utvikla ein ny lokal profil på lærlingordninga i reiseliv allereie til hausten.

Aurland: Det er Hanne Lykkja i Nærøyfjorden Verdsarvpark /Naturverkstaden Valdres som har teke initiativ til samarbeidet. Ho har lenge ivra for å få fleire bedrifter til å ta inn lærlingar i reiseliv og gjera denne utdanninga meir spennande for ungdom. Med støtte frå Aurland og Voss kommunar og reiselivsselskapet Flåm AS er det no sett i gang eit forprosjekt. 

– Det dreier seg om å få til ei ny profilering av eit eksisterande utdanningstilbod, seier Lykkja. Ho peikar på at reiselivsfaget i den vidaregåande skulen i dag er lite attraktivt for ungdom, og at dei utdanningstilboda som finst, slit med få søkjarar. 

– Viktig å tenkja nytt

Den manglande interessa har ført til at Utdanningsdirektoratet har føreslege å leggja ned reiselivsutdanninga med lærlingordning og erstatta det med eit meir teoretisk studietilbod som gjev studiekompetanse. Lykkja meiner i staden det er på tide å tenkja nytt og gjera utdanninga meir framtidsretta og interessant både for elevane og for reiselivet. 

– Ungdom som vil arbeida med reiseliv kan ikkje lesa seg til alt. Dei må erfara gjennom arbeid. Difor omformar vi no utdanninga i lag med næringa, seier Lykkja. 

Ho fortel at det er stor lokal interesse blant reiselivsbedrifter i Nærøyfjorden for å vera med å spleisa på reiselivslærlingar. Også fleire skular i området er positive. Allereie frå hausten er det planar om eit nytt vg1-kurs i service og samferdsel på Voss gymnas. 

Artikkelen held fram under biletet.

JA TIL REISELIVSLÆRLINGAR: Selskapet Flåm Fjordsafari i Flåm er eitt av selskapa som ønskjer å vera med å spleisa på ei ordning om reiselivslærlingar. Til høgre initativtakar og prosjektleiar Hanne Lykkja.
JA TIL REISELIVSLÆRLINGAR: Selskapet Flåm Fjordsafari i Flåm er eitt av selskapa som ønskjer å vera med å spleisa på ei ordning om reiselivslærlingar. Til høgre initativtakar og prosjektleiar Hanne Lykkja.

Det blir også arbeidd med å utvikla ein ny lokal profil på fagbrev i reiseliv. 

– Vi arbeider innanfor den eksisterande læreplanen, men ser på fleire nye vinklingar, kombinasjonar og tilbod både ved Voss gymnas, nye Voss vidaregåande skule og ved Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland. 

Skaparevne og lokal stoltheit

Stikkorda for den nye profileringa er meir søkjelys på erfaringsbasert kunnskap, meir praksis ute, større vekt på ideutvikling, kreativitet og skaparevne hos elevane.  

– Vi ønskjer å øva elevane opp til å oppdaga kva som er deira eigne interesser og deira eiga drivkraft, slik at dei kan få tak i det og bruka det i arbeidet sitt, seier ho.

På same måten meiner ho elevane må få trening i å leita fram lokale ressursar, produkt, folk, kultur og tradisjonar som kan brukast i reiselivet. 

-Samtidig vil vi gje elevane trening i korleis dei ulike delane av reiselivet kan styrast i ei meir berekraftig retning, seier ho. 

  Den nye profileringa vil også leggja til rette for internasjonal utveksling. 

– Vi ønskjer å gje elevane eit halvt års opphald i utlandet og kopla dei til verdsarvområde i andre land vi har lyst til å læra av, seier Lykkja. Ho peikar på at dette både vil gje elevane god språkmeistring, samtidig som elevane får med seg viktig kunnskap heim. 

PÅ TIDE MED NYTENKING: – Reiselivsfag kan vera mykje meir enn det er i dag, meiner initativtakar og prosjektleiar Hanne Lykkja. Ho trur mange tenkjer for snevert både om det å tilby lærlingplass og det å vera lærling i reiselivsfaget.
PÅ TIDE MED NYTENKING: – Reiselivsfag kan vera mykje meir enn det er i dag, meiner initativtakar og prosjektleiar Hanne Lykkja. Ho trur mange tenkjer for snevert både om det å tilby lærlingplass og det å vera lærling i reiselivsfaget.

Stor lokal interesse

Ifylgje Lykkja er det stor lokal interesse for prosjektet. 

– Reaksjonen til reiselivet lokalt har vore nesten som ein ryggmergsrefleks. For Nærøyfjorden Verdsarvpark er denne satsinga alt ein del av den strategiske handlingsplanen. Det er også ein sentral del av reiselivsplanen for Voss kommune, seier Lykkja. 

Ho fortel at Voss vidaregåande skule mellom anna har tilsett ein koordinator som skal vera bindeledd mellom skulane og læreplassane. 

– Næringslivet lokalt dekkjer også to tredelar av kostnadene med forprosjektet seier ho. 

Prosjektleiaren fortel at også ordførarar og rektorane ved skulane i tillegg til fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er positive. 

Opne for fleire

Hanne Lykkja er også open for at andre kan knyta seg til prosjektet. Ho fortel at Aust-Lofoten vidaregåande skule i Svolvær er ein av dei som ynskjer samarbeid.

– Kanskje kan dette bli ein modell også for andre reiselivsregionar i Noreg, seier ho og nemner Fjord-Noreg og Fjell-Noreg som døme.

Lykkja minner også om at Nordfjord med Stryn vidaregåande skule og opplæringskontoret i Nord-Gudbrandsdalen har gjort mykje bra på området.

– Dei har arbeidd fram fleire gode lærlingordningar for reiseliv i nært samarbeid med Arne Brimi, seier ho.   

(©NPK)

Til toppen