Lokka lærdøler heimatt med luftgevær og action på fjorden

I år satsa arrangørane på mindre fagleg innhald og meir på fart og moro. – Det var heilt supervelluka, seier Karl Edvin Lysne, ein av dei som står bak årets versjon av Kom heimatt.

Lærdal: Det var det eigentleg byrja som, ein heimflyttingsfest. Etter kvart har den siste delen av ordet teke meir over.

– Å stimulere til heimflytting er framleis grunntanken, men no er det blitt meir ei helg du ser fram til kvart år, der du kan kose seg med quiz og bilrebus. Folk er spreidde elles i året og dette er eit høve til å møtest, seier Lysne.

– Det er ei helg der utslitne lærdøler og andre kan koma for å ha seg ein god fest og møte kjente, seier han. 

Han synst arrangementet i år har gått knirkefritt og tippar det har vore rundt fem hundre innom både laurdagen og søndagen.

– Det har gått veldig bra. God steming og masse folk, seier Lysne.

 

 

Til toppen