VARIASJON OG KVALITET: Koordinator for Den Kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane, Øyvind Sunde Høstaker, er godt nøgd med variasjonen og kvalliteten på programmet komande skuleår. Foto: Guro Høyvik, Sogn og Fjordane fylkeskommune
 VARIASJON OG KVALITET: Koordinator for Den Kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane, Øyvind Sunde Høstaker, er godt nøgd med variasjonen og kvalliteten på programmet komande skuleår. Foto: Guro Høyvik, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Lokkar med sirkus, eksotisk musikk og hemmelege heltar

– Gled dykk til å opne den kulturelle skulesekken i haust! Vi trur tilbodet vil vere med å gjere skuleåret rikare på både innhald og oppleving, seier Øyvind Høstaker.  

Koordinator for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker er stolt over programmet for skuleåret.

– Vi er særs glade for å kunne tilby eit godt og variert program i skulesekken kommande skuleår. Både dans, visuell kunst, teater, musikk og litteratur har fått plass. I tillegg har vi i år fleire tilbod innanfor film, med mellom anna prisvinnande film og teater, seier Høstaker i ei pressemelding.

Variert med scenekunst, arkitektur og musikk

Den kulturelle skulesekken har eit variert innhald frå 1. klasse i småskulen og opp til vidaregåande skule. 

I Lærdal og Årdal får dei minste oppleva Cirkus Agora, teateret Tankelaboratoriet, og Daisy Jopling som byr på felespel utanom det vanlege. 

Elevane i mellomtrinnet skal mellom anna dra «Dit pepperen gror» med filmskapar Eli Grønsdal. Medan på ungdomsskulen får elevane lære meir om ein av Noregs skjulte heltar frå 2. verdskrig med forfattar Svein Sæter, i tillegg til å høyre musikken til Cameleonte Musicale, som skal halde ein konsert som ligg i grenseland mellom det klassiske og rytmiske. 

På dei vidaregåande skulane vert det klassisk film i ein ny setting med «Metropolis», og prisvinnande film med «DRONE», i tillegg til forfattarbesøk.

Heile programmet for den kulturelle skulesekken finn du her. 

Prisvinnande film for første gong til vidaregåande

Dokumentarfilmen «Drone» tek oss med til innsida av CIAs hemmelege dronekrig. Han gir oss fortrulege historier frå krigen mot terror, fortalt av menneske som lever under dronane i Pakistan og av dronepilotar som slit med å drepe med ein joystick i USA. Sjåaren møter også menneske som kjempar for eit opnare samfunn og for større rettferd.

Filmen skal i haust visast for alle elevane i første klasse ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Dette er det fyrste skuleåret VG1 får tilbod gjennom Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane og Høstaker er stolt av å kunne presentere ein Amandavinnande dokumentarfilm som første tilbod til elevane:

– Ein av dei som fortel historia si i filmen, Brandon Bryant, som skal vere med rundt når filmen blir synt for skulane i haust. Det ligg difor til rette for tette møte med ei aktuell problemstilling og ei sterk filmoppleving.

Her finn du meir informasjon om Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane

Til toppen