UNDER APALEN: Åsmund Nordgulen ved det gamle epletreet framom Utladalen Naturhus.
UNDER APALEN: Åsmund Nordgulen ved det gamle epletreet framom Utladalen Naturhus. (Bilde: Snorre Sandemose)

Lokkar til haustmarknad med heilsteikt gris på mellomaldersk vis

Skipar til nok ein haustmarknad i Utladalen

Utladalen: – Eg håpar det kjem mange folk, seier Åsmund Nordgulen.

Han er arbeidsleiar for skjøtsel og tilretteleiing i Utladalen landskapsverneområde, og er ein av fleire som er med på å arrangere årets Utladals-haustmarknad, som går av stabelen helga midtveges i oktober.

Laurdagen skal han sjølv sveive ein nyslakta gris over elden, med eit grillstativ som han har laga til ved hjelp av eit langt spjut og gjerdestolpar til støtte. Det er mykje mat i grisen, så Nordgulen håpar det kjem så mange på marknaden at grisen vert oppeten ute på tunet.

Folk kjem frå fjern og nær for å selge produkta sine

Fjøsen vil bli rigga til med utsalsboder for utstillarane som kjem frå Årdal og omegn og frå Valdresområdet. Dalføret i Oppland er kjend for stølslivet sitt, og for å halde tradisjonar i hevd.

Av dei som kjem austanfrå nemner Nordgulen mellom andre ein som skal selge garva skinn, og ein glaskunstnar som sel pyntegjenstandar. 

Det vert også sal av smykker, og av pyntegjenstandar i sølv eller av trevyrke.

– Gjenstandane og maten som vil verte lagde ut for sal kan vere fine jolegåver, seier Nordgulen. 

Blant tradisjonsrik mat som vert å få kjøpe, nemner Nordgulen mellom anna lefsekling, geitost, og spekepølser av geitekjøt; sistnemnde er det ein Valdres-bonde som kjem med. 

– Om fleire ynskjer å vere salsutstillarar, er det berre å ta kontakt, seier Nordgulen.

Nordgulen sjølv bidreg også til salsutstillinga, årets plommer i Utladalen har han fått lagt på glaskrukker med vatn og sukker, og denne desserten står alt no for sal på ei hylle i det gamle gardshuset.

SER FRAM TIL HAUSTMARKNADEN: Nordgulen håpar det kjem mange folk til Utladalen på marknadsdagane, både born og vaksne. 
SER FRAM TIL HAUSTMARKNADEN: Nordgulen håpar det kjem mange folk til Utladalen på marknadsdagane, både born og vaksne.  Foto:  Snorre Sandemose

Aktivitetar for vaksne og born

Uteaktivitetane som vert arrangerte, har òg eit gamaldags drag ved seg. Til dømes vert det øksekasting på blink, hesteskokasting, og steiking av pinnebrød ute på tunet.

Og i bekken som går forbi kan borna fylgje med på rumpetrolla, som også midtveges i oktober kjem til å ha nokre trinn att i utviklinga før dei liknar meir tydeleg på frosk.

 – Og så vert det ei tevling: Vi skal henge opp ein sekk med poteter dyrka i landskapsverneområdet i Utladalen. Den som klarar å gisse kor mange poteter det er i sekken, eller den som kjem nærast, vinn heile sekken, fortel Nordgulen.  

 

Til toppen