AKKURAT I PLUSS: Lærdal styrte mot eit solid underskot i 2016, men greidde å hente seg inn att med god drahjelp frå uventa høge skatteinntekter. For dei andre kommunane i Sogn er tala enno lystigare, slik trenden var over heile landet. Foto: arkiv.

Lommeboka til kommunane vart tjukkare

Men fjorårets skattefest varer ikkje evig.

Indre Sogn: KS, arbeidsgjevarorganisasjonen til kommunane, har undersøkt rekneskapa til kommunar og fylkeskommunar i heile landet.

Undersøkinga viser at 2016 gav langt betre økonomiske resultat i Kommune-Norge enn tidlegare. Auka frå 2015 kan i stor grad forklarast med ein vekst i skatteinntektene som var 6 milliarder meir enn forventa i Nasjonalbudsjettet.

LØNSAMT ÅR: Styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS konstanterer at skattefesten i 2016 ikkje vil vare.
LØNSAMT ÅR: Styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS konstanterer at skattefesten i 2016 ikkje vil vare.

– Det er viktig å minne om at ein stor del av dei auka inntektene er eingangssummar for 2016 takka vere tilpassing til skattereforma. Dette er pengar kommunane verken kan eller vil bruke til si vanlege drift, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, i ei pressemelding.

Les også: KS-støtte skal gi klarare språk i kommunane
Les også: Ordføraren kan smile for grøne tal i rekneskapen

Måndag skal KS-leiinga møte regjeringa. Det skjer rett før den første budsjettkonferansen til regjeringa og temaet vil vere økonomien for neste år.

– Vår viktigaste bodskap til regjeringa er at staten må bidra til eit krafttak for digitalisering og innovasjon i kommunesektoren. Det blir gjort mykje kommunane, men det trengst ein kraftig og felles innsats for å utvikle best mogleg tenester for innbyggjarane, sier Gunn Marit Helgesen.

Til toppen