MYKJE FOLK: I går opna loppemarknaden. Det var fullt hus frå første time, og mange nøgde kundar fann seg fine skattar blant utvalet. Foto: Kaja Nygård
MYKJE FOLK: I går opna loppemarknaden. Det var fullt hus frå første time, og mange nøgde kundar fann seg fine skattar blant utvalet. Foto: Kaja Nygård

Loppemarknaden er igang

Målet med loppemarknaden er å tene pengar til Berlin tur. 

Årdal: Loppemarknaden er i gang og elevane er godt nøgde med første dagen. Mange kom innom for å sikre seg ei «loppe», og elevane håpar på mange besøkande også dei to neste dagane. Loppemarknaden er open i dag, laurdag frå 10.00 til 18.00 og på søndag frå 10.00 til 14.00.

Triveleg handel

Emma Øren og Olav Nundal frå loppemarknadkomiteen fortel at dei har fått inn mykje fint. Dei takkar bygdefolket som har kome med bidrag.

Utvalet er stort, alt frå barneleiker til fine kaffiservice. Heile kantina på Årdal vidaregåande skule er full av skattar. Dei har til og med brukt gangane for å få plass til alt. Her var møblar, alt frå sofa og bord til skap av eldre dato. Treng du ski til vinteren, kan du finne det her. 

Dei seier at det er kafé og lynlotteri heile helga.

- Me vil at folk skal komma til ein triveleg handel. Sette seg ned med ein kaffikopp og eit kakestykke saman med kjentfolk, fortel Øren ivrig.

Ho legg til at dei også sel ulike sortar kakeboksar.

Elevane har også tenkt på dei yngste borna.

- Me har laga til ein plass der borna kan sjå film, medan foreldra ser på "lopper", seier Nundal. 

Eine klasserommet var i bruk til dette føremålet. Når underteikna var innom sat nokre born og kosa seg med Ole, Dole og Doffen på skjermen.

Artikkelen held fram under biletet. 

SPENTE: Olav Nundal og Emma Øren er nøgde med loppemarknaden så langt. Dei er spente på korleis det går dei neste dagane.
SPENTE: Olav Nundal og Emma Øren er nøgde med loppemarknaden så langt. Dei er spente på korleis det går dei neste dagane.

Nøgd med handelen

NØGD: Gunn Helen Rudi er nøgd med handelen.
NØGD: Gunn Helen Rudi er nøgd med handelen.

Fredag klokka 18.00 opna elevane dørene inn til Loppemarknaden. Då var det allereie kome ein ganske lang kø utanfor. Folk var ivrige og mange viste kva dei var på leit etter.

Gunn Helen Rudi var ein av kundane. Ho fortel at ho har vore på loppemarknad mange gonger før og at ho alltid finn noko fint å kjøpe.

- Dette er eit kjempe bra tiltak, der elevane tener peng til studieturen sin.

Ho fortel vidare at det var kjekt å kunne gå inn på Facebook, for å sjå bileter av ulike "lopper" i forkant.

 

Sosialt

Det var fullt på alle bord i kafeen. Kundane kosa seg med kaffi og gode kaker saman med kjentfolk.

- Eg har vore på alle loppemarknadane, og det er alltid kjekt å kunne prate med kjente, veldig sosialt, seier Marit Moen.

Ho sit saman med Kitty Bjørkum som legg til at dette var ein veldig flott loppemarknad.

 Artikkelen held fram under biletet. 

SOSIALT: (f.v) Ingebjørg Voll, Monrad Moen, Marit Moen, Oddvar og Kitty Bjørkum kosar seg på kafeen.
SOSIALT: (f.v) Ingebjørg Voll, Monrad Moen, Marit Moen, Oddvar og Kitty Bjørkum kosar seg på kafeen.

Studietur

Det er 2 klasse elevar på studiespesialiserande, som reiser på studietur saman med lærarar og nokre foreldre. Dette har vore ein lang tradisjon på Årdal vidaregåande skule. Lærar Nina Jevnaker fortel at det faglege innhaldet på turen er veldig bra.

- Dei store tinga me skal besøke er Sachsenhausen, Stasi-fengselet og Berlinmuren, seier Jevnaker.

Vidare seier ho at elevane får høyre tysk og lære om kultur og historie i Tyskland. Ho håpar sjølvsagt at elevane får snakke mykje tysk medan dei er der. 

STOLT: Lærar Nina Jevnaker er stolt over arbeidet elevane hennar har lagt ned. Ho seier at det framleis er mykje fint igjen, så her er det berre å ta turen innom.  
STOLT: Lærar Nina Jevnaker er stolt over arbeidet elevane hennar har lagt ned. Ho seier at det framleis er mykje fint igjen, så her er det berre å ta turen innom.  
Til toppen