SLUTTBEFARING: Både privatpersonar og andre som har gitt høyringsuttale i saka rundt Offerdal Kraftverk var tilstades då NVE hadde sluttbefaring. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SLUTTBEFARING: Både privatpersonar og andre som har gitt høyringsuttale i saka rundt Offerdal Kraftverk var tilstades då NVE hadde sluttbefaring. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Lovar å ta lokale miljøomsyn viss det blir kraftlinje

Det sa produksjonssjef i Sognekraft då NVE hadde sluttbefaring på Offerdal Kraftverk.

Ein heil bråte med interessentar var samla då Noregs vassdrags- og energidirektorar (NVE) hadde sluttbefaring på Offerdal Kraftverk onsdag. 

Utbyggar, som er Sognekraft, var tilstades, og det var også ein heil del personar som har gitt høyringsuttale i saka om Offerdal Kraft skal få konsesjon til å byggja ut.

Desse nytta sjansen til å seia si meining om kraftverket, og då spesielt om kor kraftlinjene skal gå, om det er i eit fjordspenn og kraftmaster eller i sjø- og jordkabel.

Sjø- og jordkabel einaste akseptable

Då følgjet kom til Naddvik, såg dei på kor kabelen skal gå i land og kor den skal førast opp til påkopling på det eksisterande tranformatorstasjonen i Naddvik. Og beskjeden frå dei som blir berørt av prosjektet var klar: Det skal nyttast sjø- og jordkabel.

– Det er ingen som vil ha slikt nærma huset sitt. Det seier seg sjølv. At det skal liggja i kabel er det einaste akseptable for oss sjølvsagt, slik som for resten av dei som bur i Vikadalen, seier Anne Tandberg. 

I tilleggsutgreiinga som no er komen på bordet, er det sett fram fire sjøkabelalternativ. Førre veka gjekk eit samla kommunestyre inn for alternativ K3., men til sjuande og sist er det NVE si anbefalinga til Olje- og energidepartementet som mest truleg avgjer med mindre departmentet vel ikkje å lytta på anbefalinga.

Lovar å ta omsyn

LOVAR OMSYN: Produksjonssjef i Sognekraft, Jacob Hornnes, lovar at dei vil ta omsyn viss det blir fjordspenn.
LOVAR OMSYN: Produksjonssjef i Sognekraft, Jacob Hornnes, lovar at dei vil ta omsyn viss det blir fjordspenn.

Produksjonssjef i Sognekraft, Jacob Hornnes, lovar at dei vil ta lokale miljøomsyn dersom det vert kraftlinje opp Vikadalen.

– Viss ein ser i søknaden, så er det lagt inn nokre strekar, men dette er ikkje detaljplanlagt. Me vil jo prøva å ta mest mogleg omsyn til dei interessene som er i området viss det blir kraftlinje. Det kan me seia og lova, seier han.

– Det er eigentleg slik at det er ingen som er interessert i å ha ei kraftlinje i sitt område eller bakhage. Slik er det over alt. Eg har full forståing for at de har dei synspunkta, og så får NVE gjera dei vurderingane rundt sjøkabel og luftspenn, legg han til.

Stor prisforskjell

Etter ei indeksjustering frå 2010 ligg prislappen på prosjektet på 436 millionar kroner med fjordspenn. Då er kostnaden på 4,31 kroner per kilowatttime. Med sjøkabel er utbyggingskostnaden 37 millionar kroner høgare, noko som tilsvarar 37 øre per kilowattime.

– Viss me i tillegg får krav om fem percentil om sommaren, så er me oppe i ein utbyggingspris på nett i underkant av 5 kroner. Det er klart at med dagens straumprisar klarar me ikkje realisera prosjektet då. Det går ei grensa rundt 4,50 kroner slik me ser det. 

– Det er eigentleg situasjonen, så er det på ein måte kva samfunnsnytten er når det gjeld vilkår ein må leggja inn for utbygging, og det er ei oppgåva NVE har her, seier Hornnes.

Vil finna beste løysingane

SA MEININGA SI: Fleire av dei som blir råka av ei eventuell kraftlinje var på plass for å seia si meining til NVE.
SA MEININGA SI: Fleire av dei som blir råka av ei eventuell kraftlinje var på plass for å seia si meining til NVE.

Jan Sørensen, som er saksbehandlar i NVE, seier fornybar energi er i støtet no og at dette må vegast opp mot kor store ulemper ei utbygging har. Dersom det blir gitt konsesjon, prøver ein å tilpassa løysingane slik at det blir mest mulig miljømessig bra, fortel han.

– Her har ein nokre utfordringar. Luftspenn er jo i utgangspunktet ikkje det ein ønskjer seg, men sjøkabel har også sine økonomiske ulemper. Her er det ei vurdering som NVE må gjera, seier Sørensen og legg til at det er ein lang prosess att.

– NVE gir anbefaling til Olje- og energidepartementet, og så blir det ein prosess i departementet i ettertid. Det blir sikkert ei ny befaring, og det hender at dei gjer andre vurderingar enn NVE, og så er det til slutt regjeringa som vedtek, og det vedtaket er det ikkje mogleg å påklage. 

Til toppen