Lærdal: Britt Synnøve Johansen er kjend for si sterke formidlingsevne, og si kraftige stemme. Som 19-åring representerte ho blant anna Noreg i den internasjonale songkonkurransen Melodi Grand Prix. Onsdag gjestar ho Lærdal Kulturhus saman med Gjertruds Sigøynarband.
Sigøynarbandet består blant anna av Gjertrud Økland på violin, og Tom Karlsrud som bur i Aurland. Sigøynarbandet har vore i Lærdal og spelt inn plate før.
Gledar seg

Gjertrud Økland spelar violin i orkesteret. Musikaren fortel at orkesteret saman med Britt Synnøve lovar eit fyrverkeri av ein konsert.
– Me gledar oss veldig til å komme tilbake til Lærdal. Konserten blir fylt med lidenskap og råhet, men blir også tatt ned til det vare, sarte og såre. Tom som spelar trekkspill i orkesteret, fiksar alt for oss. Ingen spelar trekkspel like vakkert som han, han er min favoritt. Han er både musikar og lydteknikar i orkesteret.
– Me har vore i Lærdal å spelt inn plate før, då vart me teken godt i mot av Lærdølene. Me ser fram til å få komme tilbake, no med eit heilt nytt program.