NYTTÅRSKONSERT: Øvre Årdal Janitsjar øver seg til årets nyttårskonsert. Foto: Marte Hestetun. 
NYTTÅRSKONSERT: Øvre Årdal Janitsjar øver seg til årets nyttårskonsert. Foto: Marte Hestetun. 

Lovar eit fyrverkeri av glad og rytmisk musikk

Den 21. Januar går den årlege nyttårskonserten til Øvre Årdal Jantitsjarkorps av stabelen. 

Den 21. Januar går den årlege nyttårskonserten til Øvre Årdal Jantitsjarkorps av stabelen. Også i år har dei med seg solide artistar som Monica Hjelle, Frida Hunshammer og Steinar Fodnes.

Kva kan publikum vente seg på årets konsert? 

–Dei kan vente seg eit musikalsk spa, fortel Helge Øren. 

–Det blir eit fyrverkeri av glad, heftig og rytmisk musikk, med Frode Alnæs som både gjesteartist og konferansier. Det blir mykje moro! 

Har de øvd mykje? 

Me har øvd heilt sidan sesongstart, altså august. Så det skal bli godt å endeleg få vise det fram. 

Spesiell gjesteartist

I år feirar Øvre Årdal Janitsjarkorps 70-års jubileum, og har i den anledning invitert Frode Alnæs med på konserten. 

– Han er ein utruleg raus og open person, fortel Øren. Han fortel vidare at konserten skal bestå av mykje frå soloplata hans, som for første gong skal spelast i "korpsversjon".

Han understrekar at dette ikkje er sjølve jubileumskonserten, men nytta likevel anledningen til å "slå på to stortrommer på ein gong". 

–Sjølve jubileumskonserten kjem seinare i år, men me ville likevel gjere nyttårskonserten ekstra stor i år. 

Bidrag frå banken

Øvre Årdal Janitsjarkorps kan også glede seg over ein sjekk på 60.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. 

LØFT FRÅ BANKEN: Jan Erik Øyre (høgre) fortel at sjekken frå banken er eit stort løft for janitsjaren.
LØFT FRÅ BANKEN: Jan Erik Øyre (høgre) fortel at sjekken frå banken er eit stort løft for janitsjaren.

– Me valde å gi til Øvre Årdal Janitsjarkorps fordi me synes det er viktig å støtte slike små organisasjonar. Det hadde vore trist rundt om i bygdene utan ein janitsjar.  

Kva betyr det å få ein slik sjekk? 

–Me har aldri fått eit slikt løft før, eller hatt eit budsjett som me har no, seier Jan Erik Øyre.

– Så denne sjekken var alfa omega for oss. Me tenar ikkje pengar, for å seie det slik. Me i janitsjaren spelar for å ha det gøy, og for å treffe publikum med musikken vår. 

                                                                                                             

Til toppen