KLARE: Kom Heimatt-komiteen med Stian Vatlestad (f.v.), Kristen Rockland Aarethun, Håvard Nedrehegg og Karl Edvin Lysne har så og seia alt spikra til helgas populære arrangement i Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun
KLARE: Kom Heimatt-komiteen med Stian Vatlestad (f.v.), Kristen Rockland Aarethun, Håvard Nedrehegg og Karl Edvin Lysne har så og seia alt spikra til helgas populære arrangement i Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Lovar Kom Heimatt med mykje leik og moro

Komiteen har til og med vore på planleggingstur for å førebu det populære arrangementet best mogleg

Lærdal: – I år må ein ri dei få hjernecellene ein har. Me vil at folk skal få meistringskjensle. Elles er på ein måte temaet leik og moro. Det blir litt action, for me har meir aktivitetar på postane enn nokon gong; det har vore filosofien, seier Karl Edvin Lysne.

Han snakkar om den svært populære bilrebusen som går av stabelen laurdag under Kom heimatt, som tidlegare år.

– I fjor vart det, i motsetnad til føregåande år, hevda at rebusen var i lettaste laget..

– Det blir den ikkje i år, kjem det bestemt frå Lysne.

– Så blir det promilletest i år som i fjor; ingen får køyra før dei bles grønt. Og folk må hugsa å køyra forsiktig, seier Kristen Rockland Aarethun.

I fjor var det planlegging heilt opp mot arrangementet for å få rebusen klar. I år er stemninga i det mannsdominerte firkløveret rolegare, noko som skal ha med ein produktiv planleggingstur og ein god konsulent å gjera.

– Rebusen er spikra og det vart den ganske tidleg i år. Me var på planleggingstur i Gdansk. Der hadde me også med oss ein god konsulent i form av Jan Erik Gullaksen, fortel Lysne.

Vil at folk skal finna dei sjukaste hattane

Utpå kveldinga laurdag spelar Folk flest frå Luster med Einar Bolstad i spissen opp til dans.

– Han er voldsamt flink å synga, hevdar Stian Vatlestad. 

Lysne fyrer opp «Sogn og Fjordane-sangen» sunge av Bolstad og utbroderer vidare om den vakre stemma hans. Før han fortel om temaet for laurdagskvelden.

– Det blir rett og slett god gamaldags hattefest. Grav i skap og skuffer og finn dei sjukaste hattane. Eg meiner folk endrar litt personlegdom når dei har på seg hatt.

– Kjem ikkje folk inn utan hatt?

– Jau, dei gjer vel det. Men me oppmodar sterkt om bruk av hatt. Det blir gøy, er Lysne tydeleg på.

Forventar gjesteopptredenar under konserten torsdag

Men laurdag er trass alt siste dag av Kom Heimatt 2017. Det startar førstkomande torsdag med gratis grillmat i Kvammegården og musikk av Eirik Sognnes.

– Så har me ei lita gulrot i Kvammegården for bilrebusdeltakarane den kvelden, som i fjor. Eit godt høve å samlast for å byggja opp laganda. Det kan dessutan bli gjesteopptredenar under konserten, for det har det alltid vore før om åra. Men ein veit aldri kven gjestene er. Det blir fort litt karaokestemning, forklarar Lysne.

– Før var torsdagen via meir faglege tema, som bustad, arbeid og næringsutvikling. Kvifor held de på fjorårets variant med å ikkje ha det?

– Me gjekk litt tom for tema etter kvart. Me kan ikkje invitera dei same gong på gong. Me skal ikkje utelukka å ha slike faglege opplegg att, om det kjem opp noko nytt og interessant, forklarar Håvard Nedrehegg

– Det vart godt motteke med grillmat og musikk i fjor. Det enkle er ofte det beste, legg Rockland Aarethun til.

– Og me er berre fire i komiteen i år, så det har litt med kapasitet å gjera, påpeikar Vatlestad.

– Poenget er å prøva å gjenskapa eit ekte rockeshow

Mellom torsdag og laurdag kjem som kjend fredag.

– Då er det den tradisjonsrike Kom Heimatt-quizen. Kåre Mentz Lysne er quizmaster, seier Vatlestad.

– Kva kan de seia om quizen?

– At den har me ikkje peiling på, den er det quizmasteren som har laga. Men me kan seia at det blir ein musikalsk vri - ein liten musikkdel i quizen. Verken meir eller mindre kan me seia, seier Lysne.

Etter quizen brakar det laus med Fox.

Les også: Feirar femti år som Fox på Kom Heimatt

– Poenget er å prøva å gjenskapa eit ekte rockeshow. Dei har jo femtiårsjubileum, så dette er litt sånn once-in-a-lifetime, seier Lysne.

Ikkje heilt, for Fox held også familiekonsert i Lærdal kulturhus onsdag 5. juli klokka 20.

– På fredag under Fox-konserten er det eit ønskje om at flest mogleg kler seg mest mogleg 60-70-tals. Så me oppmodar om det, seier Lysne

Elles melder festivalkomiteen at dei håpar på fint vêr og at det blir fotokonkurranse for dei som legg ut bilete med #komheimatt.

– Den med det kjekkaste og mest kreative biletet vinn helgepass til neste års Kom Heimatt, opplyser Lysne.

Sjekk Kom Heimatt si facebookside for tidspunkt for dei ulike programpostane.

Til toppen