KLARE: Komiteen for årets Kom heimatt er klare. Dei illustrerer her – i M/S Rita – at det blir mykje fart og moro denne helga. M/S Rita er, i følgje den stolte eigar Karl Edvin Lysne, ein svært så rask båt – berre den kjem seg frå plenen hans og ut på fjorden, F.v.: Karl Edvin Lysne, Marit Breistøl, Johanne Gjesdal Mo og Stian Offerdal Vatlestad. Kristen Rockland Aarethun i bakkant. Foto: Ole Ramshus Sælthun
KLARE: Komiteen for årets Kom heimatt er klare. Dei illustrerer her – i M/S Rita – at det blir mykje fart og moro denne helga. M/S Rita er, i følgje den stolte eigar Karl Edvin Lysne, ein svært så rask båt – berre den kjem seg frå plenen hans og ut på fjorden, F.v.: Karl Edvin Lysne, Marit Breistøl, Johanne Gjesdal Mo og Stian Offerdal Vatlestad. Kristen Rockland Aarethun i bakkant. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Lovar mykje fart og moro

Arrangørane bak Kom heimatt-helga i Lærdal vil gje deltakarane ei oppleving for livet på den eine posten under bilrebusen. 

Lærdal: – Torsdag er det "meet and greet" i Kvammegården med gratis grillmat og musikk av Ola Weel Skram. Me oppmodar alle som skal stilla lag i konkurransen vidare til å møta opp der, det vil gje ein liten fordel, fortel Karl Edvin Lysne i komiteen.

Den årvisse Kom heimatt-helga er eit ynda arrangement blant lærdølene og går av stabelen frå torsdag til søndag. Komiteen som står bak den 12.utgåva av Kom heimatt pussa onsdag kveld på planane.

– Me har droppa opplegget med det meir faglege innhaldet i Kulturhuset. For å prøva noko nytt, seier Lysne.

Ny quizmaster og tung musikk

I det store og heile er programmet som tidlegare år - med den særs populære bilrebusen laurdag som høgdepunkt.

– Utforminga av nokre postar står att, innrømmer han vidare.

Men før bilrebusen og etter "meet and greet"-seansen i Kvammegården er det quiz fredag kveld klokka 21. Dette er første del av konkurransen som plar bestå av eit 30-tals lag.  

–  Quizmasteren er ny og heiter Kåre Menz Lysne, opplyser Kristen Rockland Aarethun i komiteen.

Ein annan debutant i årets versjon av arrangementet er bandet som spelar etter quizen. Tilhengjarar av den litt tyngre rocken har ikkje vore bortskjemde med musikk i sin stilart frå scenene i Lærdal, men Guns N´Roseses-tributebandet "Ridin the Nightrain" frå Bergen med lærdølen Vemund Osland på gitar gjer noko med dette. Konserten startar klokka 23.

Promillekontroll

– Laurdag startar bilrebusen klokka 11, og det er promillekontroll sjåførane må passera for å få lov å køyra. Det er vera preventivt og positivt, seier Marit Breistøl.

Laga kan jobba med rebusen til klokka 17, og i år skal det vera ein post deltakarane kan gle seg ekstra til, i følgje Johanne Gjesdal Mo:

– Denne posten har me lagd litt ekstra i. Den gir ei oppleving for livet.

– I alle fall ei oppleving for helga, seier Lysne nøkternt.

– Enkelte hevdar oppgåvene i denne rebusen er i vanskelegaste laget - kva har de å seia til det?

– Me må gjera den vanskeleg for å differensiera laga på noko. Etter kvart snakkar dei med kvarandre og utvekslar informasjon. Så det skal vera krevjande. Samstundes er det spørsmål på postane ein kan googla seg fram til svara på, så alle klarar noko. Får alle til alt har me feila, forklarar Breistøl.

– Elles har me lagt opp til mange postar med praktiske oppgåver i år  – for å få litt aktivitet, legg Stian Offerdal Vatlestad til.

Familierebus søndag

Laurdag kveld blir den totale vinnaren av quizen og rebusen kåra, dørene opnar klokka 2130. Laget som vinn kan ta med seg den gjeve vandrepokalen heim.

Vidare spelar årtalsbandet System i Kvammegården utover dei seine nattetimar.

– Søndag er det familierebus med start frå plenen bak rådhuset, så ligg postane rundt om kring på Øyri. Deltakarane får eit sett med oppgåver som Marit skal laga no. Her hadde det vore kjekt med godt oppmøte, avsluttar Rockland Aarethun. 

Til toppen