Arbeiderpartiet sin landbrukspolitiske talsmann Knut Storberget vart sjarmert i senk av dei flotte dyra på Hovland Gard. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Arbeiderpartiet sin landbrukspolitiske talsmann Knut Storberget vart sjarmert i senk av dei flotte dyra på Hovland Gard. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Lovforslaget løyser ikkje problemet

Erling Offerdal meiner at Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) sitt lovforslag om effektivisering av lisensfellinga av jerv ikkje løyser jerveproblematikken.

– Det einaste som kan løysa problemet på lang sikt er å flytta ynglinggrensa attende til Ottadalen, seier Offerdal. 

I går vitja Arbeiderpartiet sin landbrukspolitiske talsmann Knut Storberget 
Hovland Gard i Naddvik saman med partikollegane Ingrid Heggø og Åsmund Aukrust. Her vart den omdiskuterte jervedebatten drøfta på ny, og stortingsrepresentantane ynskjer å reise debatt om politikken rundt jervebestanden og ansvarsklargjeringar i forvaltninga. 

Aleksander Øren Heen, ordførar Arild Ingar Lægreid m.fl. samla seg rundt bordet saman med Knut Storberget, Ingrid Heggø og Åsmund Aukrust,
Stortingspolitikarane reagerte på dei tragiske tala frå beitesesongen 2014. 
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Påvist ynglingar

Erling Offerdal fortalde at det no er påvist ynglingar ved fylkesgrensa, og etterspør handling frå rovviltnemdene. – Eg veit ikkje om Oppland prioriterar desse ynglingane, seier han og gjev tydeleg inntrykk for at han er usikker på om det vert sett noko tiltak på å fjerne ynglingane.

Då porten.no tek kontakt med leiar i Region 3 Oppland, Ivar Odnes fredag formiddag, seier han at direktoratet nettopp har bestemt at det skal takast ut eit hi i Skjåk. – Men det er ikkje effektuert enno, legg han til. Vidare fortel Odnes at det er fleire hi som skal undersøkast i tida framover.

Representantane for sauenæringa i Årdal og Lærdal er einige i at sannsynlegheita er stor for at desse ynglingane vil bevege seg over i sone 1 for Vestlandet om dei ikkje vert tekne ut. Om dei trekkjer over til Sogn og Fjordane vert det sone 1 som tek over ansvaret for ynglingane, og med dei belastningar det fører med seg. 

For liten jervebestand

Både Knut Storberget, Ingrid Heggø og Åsmund Aukrust vart forferda over tapstala frå 2014 som Naddvik beitelag synte fram. Stortingspolitikarane vinkla den engasjerte debatten mot matproduksjon, og på den suksessfaktoren  eit høgfjellsbeite er for sauenæringa. – Me tapte mange tonn med gourmetkjøt i fjor, seier sauebonden Ole Bjarne Hovland som har garden som einaste inntektskjelde. 

Aleksander Øren Heen representerte sauenæringa denne torsdagen, og han la

Ein av hannjervane som var avliva fredag 17.04.15
Ein av hannjervane som var avliva fredag 17.04.15.
Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

ikkje skjul på kva han meiner om politikken rundt jervebestanden. – Me har eit direktorat som jobbar for rovdyra, uttalar han. Hovland sa seg einig med Øren Heen, og påpeikar det faktum at direktoratet seier at jervebestanden er for liten. 

– I dag er det næringa som må ha beredskapen på jerv, og det inkluderar alt i frå organisering av jegarar til dokumentering ved tap av sau og lam, legg Øren Heen til. Han meiner dette er heilt feil, og at det blant anna er rovviltnemda som burde hatt ansvaret for dette. Det kjem fram at dette er ei belastning for sauenæringa som allereie har nok med å passe på dyra i fjellet og registrere tap.

Artikkelen held fram etter biletet.

– No må me sjå på løysingar for korleis ein kan drive førebyggjing i større grad, seier Knut Storberget. Dei konkrete tiltaka Naddvik beitelag syner til, slik som ei redusering av bestandsmålet for jerv og etablering av ei buffersone ved fylkesgrensene, ynskjer Knut Storberget og Ingrid Heggø å ta med vidare til Stortinget.

Til toppen