HYLLEST: Årets Målrock vert opna med ein hyllest til Ludvig Søfting – ein diktar som etterlot seg ei enorm samling, men som få er kjende med. Anne Grethe Søfting og Steinar Fodnes er pådrivarar. Thomas Norheim Moen er festivalsjef for Målrock. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Ludvig Søfting i ord og tonar under Målrock

Siste brikka i Målrock-puslespelet blir eit heillokalt innslag med ein hyllest til altfor lite kjend diktar.

Årdal: Mange kjenner kanskje namnet, men svært få har faktisk lest verka til Ludvig Søfting. Då han døydde i 1986, etterlot han seg ei enorm samling av dikt, noveller, andre tekstar og teikningar. 

Den samlinga har Anne Grethe Søfting hatt sidan. I mange år har ho tenkt tanken på å løfte verka hans fram. Saman med Steinar Fodnes og ei rekkje lokale musikarar blir det å skje.

– I januar dreiv eg å rydda då eg fann fram samlinga. Steinar har høyrt meg snakka om ideen fleire gonger, men no presenterte han tanken for Målrock, fortel Søfting.

Enorm respons frå det lokale kulturlivet 

Styret likte umiddelbart ideen, og no, fleire månader seinare, er det klart at Ludvig Søfting vil få sin eigen hyllest i ord og tonar som ei opning på årets Målrock-festival, altså onsdagen.

ENORM SAMLING: Samlinga til Ludvig Søfting til fleire hundre verk i dikt, noveller og teikningar.
ENORM SAMLING: Samlinga til Ludvig Søfting til fleire hundre verk i dikt, noveller og teikningar. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Sjølv kjenner eg Ludvig berre gjennom dikta. Eg føler dei er såpass bra at dei bør givast ut, men problemet er at det har vore vanskeleg for oss å finna ut kva me skulle gjera. Heldigvis har me ikkje gjort noko før, for hadde me gjort det sjølv, ville det nok blitt på eit heilt anna nivå, seier Fodnes. 

I staden har dei no fått med seg heil rekkje med lokale figurar frå kulturlivet i Årdal. I sin heilskap vil framsyninga innehalda dikt, song, bilete og dramatisering. For å nemne nokre har personar og band som Laila Asperheim, Merete Hjelle, Mathias Degnepoll Øren, Tea Berg, Årdal Blueslag, Raaskinn og Free Birds fått heilt frie tøyler til å tolke og lage musikk til samlinga.

– Responsen har vore enorm, og me er utruleg takknemleg og overraska. Alle me har spurt har sagt ja, så dette blir mykje større og flottare enn me trudde, seier Fodnes.

TEIKNA: I tillegg til at han skreiv mykje tekstar og dikt, var Ludvig Søfting også stødig på handa då han teikna.
TEIKNA: I tillegg til at han skreiv mykje tekstar og dikt, var Ludvig Søfting også stødig på handa då han teikna. Foto: Privat

– Vil løfte han fram i kulturhistoria til Årdal

Med sitt daglige arbeid på aluminiumsverket i Årdal i nesten 40 år, så hadde kanskje Ludvig Søfting behov for å uttrykkje seg på andre måtar enn den meir røffare industrisjargongen som elles prega kvardagen. Det har resultert i godt over hundre dikt. Framleis finn dei fram til nye.

– Kor vil de plassere han i kulturhistoria til Årdal?

– For det første vil eg seie at ikkje er ein del av den, og det vil me gjera noko med. Eg trur det er få som har lest dikta hans. Difor kjem med til å lage eit hefte til førestillinga der alle verka som blir framført, er med. Slik håpar me å få spreidd det litt, svarar Fodnes.

Det var festivalsjefen Thomas Norheim Moen, som også er vokalist i Raaskinn, Fodnes presenterte ideen sin for. Han gav tommel opp med det same og forklarar kvifor.

– Det er litt personleg også fordi den eine songen me spelar i Raaskinn er med tekst som Ludvig Søfting har skreve. Det er det sikkert ikkje mange som er klar over. Eg er litt for ung til at eg har hatt noko forhold til han, men meiner dette er noko som kan bli bra, seier han. 

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen