AVSLUTTA: Sjølve arbeidet med å finna insparingsmoglegheiter i dei ulike sektorane er unnagjort og styringsgruppa heldt avsluttande møte torsdag. No skal politikarane koma fram til kva tiltak dei går inn for. Foto: Ole Ramshus Sælthun
AVSLUTTA: Sjølve arbeidet med å finna insparingsmoglegheiter i dei ulike sektorane er unnagjort og styringsgruppa heldt avsluttande møte torsdag. No skal politikarane koma fram til kva tiltak dei går inn for. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Lufta forslag om å privatisere tenester​

Før styringsgruppa for sunn kommuneøkonomi oppløyste seg sjølv diskuterte dei om det blir kostnadsbesparande å setja ut nokre kommunale oppgåver til private verksemder. 

Lærdal: – Me har sagt me skal snu alle steinar, og det er ein stein, same kor ubehageleg den er, sa kommunelege Frode Myklebust, som har sete i arbeidsgruppa for helse.

Styringsgruppa for sunn kommuneøkonomi heldt torsdag avsluttande møte og diskuterte korleis ein skal få sett tiltaka som er jobba fram ut i livet.

Prosjektet har vore organisert i arbeidgrupper for dei ulike sektorane helse, omsorg, oppvekst, rådmannsfunksjon, tekniske tenester, NAV og barnevern. I kvar gruppe har det vore politiske og administrative representantar, pluss representantar frå fagforeiningane.

Ville ha signal

Målet er å finna innsparingspotensial for dei ulike sektorane. Trond Øyen Einemo (H) har sete i arbeidsgruppa som ser på tekniske tenester og sa han ønskjer signal på om ein skal sjekka ut kor vidt det kan vera besparande å setja nokre oppgåver frå teknisk ut til private verksemder.

– Fordi det får ein del å seia for organiseringa. Fleire av oppgåvene på teknisk kan ein sjekka kva vil kosta å få utført av andre verksemder gjennom anbod, sa Øyen Einemo.

Rådmann Alf Olsen jr. sa at det går an å setja vekk deler av tenestene.

– Om det er besparande å setja ut noko delvis eller heilt, veit me ikkje. Rådet er at me held fram med organisasjonsformen som i dag, men det hadde vore greitt å få eit signal politisk på om ein skal gå i den retninga.

Frode Myklebust meinte altså det var ein ubehageleg stein å snu, men at når ein skulle snu alle steinar så måtte ein vera konsekvent. 

Annike Vanberg (SV) var inne på det same:

– Dette med privatisering er ei utfordring. Det er ikkje alltid så mykje pengar å spara, men det er altså ein stein, det også.

Bekymra for uro blant dei tilsette

Jan Steinar Hole, leiar i Fagforbundet i Lærdal, meinte det kunne skapa uro blant dei tilsette med slike grep:

– Mange kommunar har prøvd å setja ut oppgåver - og mange har gått tilbake på det. Det ein sparar er at andre, private har andre ordningar på pensjon. Så då seier ein takk for den jobben som du har gjort, no skal du få det dårlegare framover. 

Utspelet fekk Øyen Einemo til å reagera.

– Det er vel heldigvis ikkje slik at det er pensjonsordningane som gjer om folk har lyst til å gjera ein god jobb. Du seier her at alle private verksemder har dårlegare ordningar enn offentlege, slik er det ikkje. Så det må du slutta med. 

Artikkelen held fram under biletet

URO: Jan Steinar Hole, leiar i Fagforbundet lokalt (nærast) meinte diskusjonen rundt «outsourcing» av oppgåver vil skapa uro blant dei tilsette. Trond Øyen Einemo, Høgre (i bakgrunnen) meinte Hole sin kommentar om pensjonsordningar ikkje var nyansert.
URO: Jan Steinar Hole, leiar i Fagforbundet lokalt (nærast) meinte diskusjonen rundt «outsourcing» av oppgåver vil skapa uro blant dei tilsette. Trond Øyen Einemo, Høgre (i bakgrunnen) meinte Hole sin kommentar om pensjonsordningar ikkje var nyansert.

Kåre Mentz Lysne (Ap) kommenterte at diskusjonen om kor vidt ein skal sjekka ut innsparingsmoglegheiter ved å setja ut oppgåver var ei avsporing. Ordførar Jan Geir Solheim var også mest oppteken av å få iverksett dei tiltaka frå prosjektet som det er politisk semje om.

– Me må få til ei innstilling på dei dei tiltaka som er spiselege.

I alt er det funne innsparingspotensial på 17 millionar kroner til saman gjennom prosjektet. Ei gruppe skal sjå vidare på den overordna organiseringa i kommunen, mellom anna korleis leiarstrukturen skal vera

I gruppa sit no ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og Kåre Mentz Lysne (Ap) frå politikarane si side Ingrid Kristina Rio (leiar i Utdanningsforbundet i Lærdal) og Jan Steinar Hole (Fagforbundet) frå fagforeiningane og Reni Hærland (Organisasjon- og personalleiar) frå administrasjonen. Denne gruppa skal rapportera til formannskapet frå 2017 av. 

Politikarane skal no finna ut kva tiltak dei kan iverksetja kjapt ved gruppeleiarmøte torsdag 3. november.  

Fleire var inne på at dei er svært nøgde med arbeidet som er gjort i prosjektet sunn kommuneøkonomi, både rådmannen og fleire av politikarane.

– Eg vil skryta litt. Her har ingen prøvd å spela politisk mynt, sa Øyen Einemo.

Til toppen