Luftambulanse henta skada mann (25) i Austanbottstindane
(Foto: Kristian Larsen)

Luftambulanse henta skada mann (25) i Austanbottstindane

Mannen er ved Austanbottstindane i Hurrungane i Jotunheimen.

Årdal: Luftambulansen er på veg til å henta ut ein mann som har fått ein stein på ein fot og skada ein ankel. Det melder Vest politidistrikt på Twitter

Ifølgje Hovedregningssentralen er mannen ein del av eit turfølge, men det er usikker kor mange. Posisjonen til følget er kjent.

– 20.22 kom det melding om at luftambulansen frå Dombås er framme, og pasienten er lokalisert. Han er ikkje enno henta ut, seier Forde Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt til Porten.no.

Tidlegare i kveld kom det melding om at ein mann (61) måtte hentast av luftambulanse etter at han skada seg på Falketind. 

Til toppen