Aurland: Til sommaren startar nemleg byggjinga av atten sentrumsnære leiligheiter over tre etasjar på ei tomt rett ved badelaguna.

Med ei plassering åtti meter over fjordflata vert utsikta tilsvarande.
– Slik tomta ligg blir det fantastisk å sitja på verandaen, seier Heidi Fossnes Helle frå Nordbohus Sogn.
Les også: Vil byggja seks bustader på Endregarden
Les også: Her ønskjer han å skape ein møteplass
Leiligheiter er på moten
Nordbohus har lenge vore synonymt med einebustader, men no satsar dei stadig meir på å byggje blokker, noko prosjektet i Aurland er eit døme på.
Årsaka er ein trend dei meiner å sjå i samfunnet: folk vil bruke mindre pengar på å bu og meir på fritid og reiser. Det å byte ut einebustaden med ei leiligheit kan for mange vere måten å realisere det på.

Løftet om eit enklare liv er òg eit viktig salsargument: du har parkering i kjellaren og kan ta heisen opp. Alt er universelt utforma, altså bygd slik at alle skal kunne ta seg fram utan ekstra tilpassingar.
– Me har tru på at det er ein aukande trong for leiligheiter i Bygde-Norge. Difor ser me på konsept av denne typen mange plassar, seier Fossnes Helle.
Satsar på byggjestart til sommaren
Leiligheitene vil kome i to storleikar på om lag 70 og 100 kvadratmeter, i tillegg til veranda. Enno er det for mange usikre moment til at dei kan gå ut med prisen, mellom anna treng dei løyve til å byggje taket flatt, noko som vil bidra til å halde kostnadane nede.

Dei endelege detaljane i prosjektet vil dei leggje fram på eit infomøte i Aurland på nyåret.
Les også: Dette huset i Årdal gjekk for rekordsum: – Håpar det losnar litt no
Målet er å starte bygginga i løpet av sommaren, med ferdigstilling i første halvdel av 2018.
– Dette er seriøse planar me vil realisera så raskt som mogleg. Me har allereie tjueein interessentar, seier grunneigar Magne Forberg.