Luftig juleavslutning

Med ei tribune fullspekka av publikum, var over 90 turnarar samla i Årdalshallen laurdag for å feire at juleferien står for døra.

Årdal: Turngruppa til Jotun IL har gjort det bra i 2015, og på laurdag hadde dei ei juleframsyning som siste arrangement for i år. 

Sjå også biletegalleri øvst i saka.

– Det er fyrste gong vi arrangerar dette, men etter publikum å døma, må nok dette bli ein tradisjon, seier sportsleg leiar Ruth Laberg overvelda etter framsyninga. 

Då framsyninga skulle byrje kl. 13.00, gjorde Laberg seg klar til å halde velkomsttale. Overraskinga vart difor stor då ho fekk beskjed om at ho måtte vente litt, for køen av publikum stod heilt ned i trappa i Årdalshallen. 

– Det var nok nærare 300 personar på tribuna i dag, fortel ho. 

Sjå nokre av dei spenstige hoppa her:

Artikkelen held fram under videoen. 

Sertifiserte trenarar

Turngruppa har utøvarar frå 2. klasse og oppover, og alle fekk synt seg fram for eit engasjert publikum denne laurdagen. 

På grunn av nye reglar som trer i kraft 1. januar 2017, må alle trenarar sertifiserast innan denne datoen. Dette gjev nokre økonomiske utfordringar for turngruppa som må dekke utdanninga sjølv. I tillegg til prisen for sjølve kurset, vert det som regel utgifter til kost og losji også. Laberg fortel at dei har søkt om støtte til å dekke noko av kostnadane ved dette. 

Til trass for dette, har turngruppa til IL Jotun no 15 sertifiserte trenarar. I tillegg er mange foreldre med, og totalt er dei rundt 25 trenarar fordelt på dei ulike aldersgruppene.

– På ein trening har me mellom 20-30 born, og då treng me minst seks trenarar for å gje borna god kvalitet på treningane, og minst mogleg venting ved øvelsane, seier Laberg. 

I velkomsttalen hennar fullrosar ho alle dei engasjerte trenarane som stiller opp uten løn for å gje borna eit godt aktivitetstilbod.

Fleire idrettar

Dei fleste turnarane er også aktive i andre idrettar, der handball, fotball og symjing utmerkar seg. Borna må ofte velgje mellom kva treningar dei skal prioritere, og Laberg er oppteken av at borna ikkje skal ha dårleg samvit for å velgje ein anna trening enn den turngruppa har.

– Me har lagt til rette for treningar med andre aktivitetar, og dei aller fleste turnarane kan velge mellom to eller fleire treningar i veka, seier ho.

Ikkje alle turnarane deltok på laurdagens framsyning, og Laberg meiner turngruppa til Jotun IL no har passert 105 utøvarar i alle aldrar. 

 

Til toppen