AKTUELL: At bukti i Erdal (på biletet) framleis er aktuell plassering for kai, reagerer grunneigar Ingrid Bjørkum sterkt på. Arkivfoto
meiningar
AKTUELL: At bukti i Erdal (på biletet) framleis er aktuell plassering for kai, reagerer grunneigar Ingrid Bjørkum sterkt på. Arkivfoto
meiningar

Luftslott, galimatias og politisk spel – om tømmerkai og pellets i Lærdal

Kjære fleirtal i kommunestyret: Stopp opp og tenk nytt, før de skjemmer dykk ut. Eit godt ettermæle er å snu i denne saka. Sei heller ja til noko anna, skriv Ingrid Bjørkum

  • Endret

LESARINNLEGG: I fleire oppslag i media i det siste, har erfarne folk åtvara mot etablering av bosbrenning og pelletsfabrikk i Lærdal fordi det ikkje er liv laga. Det er positivt nytt. Eg vil heller ikkje ha det. Grunnen er enkel: Utan pelletsfabrikk, ingen tømmerkai i Erdal eller andre stader i Lærdal.

Informasjon – folkeskikk eller lovpålagt

Alt som skjer i denne saka, anten det gjeld Håbakken eller kai, er prega av hastverk og manglande utgreiing og informasjon. Vi som er grunneigarar sit att som like store spørsmålsteikn som opposisjonspolitikarane. Alt vi har fått vite om kaiplanar, har vi fått gjennom media.

Det starta med ein artikkel på nettsida til NRK i juni i fjor, at ordføraren sysla med planar om å leggje Noregs største godshamn i bukta vår i Erdal. Var det ein spøk? Eg ringde til LNU for å høyre kva hald det var i dette. Fekk til svar at dette kunne eg ta med ro. Sjølv om det stod på trykk, var det ikkje det same som at det blei noko av. Men var ikkje ordføraren, i eigen høge person, ute på fjorden og målte djupner med ekkolodd?

Som lyn frå klar himmel, i slutten av januar, fekk ein av oss ein telefon frå prosjektleiar hjå SIMAS: Dei hadde søkt om oppstart av reguleringsplan til kai på eigedomen vår. Dette skulle opp til handsaming i kommunestyret veka etter.

Vi hadde ikkje høyrt eitt ord om dette før. Er det ikkje slik at grunneigar skal bli orientert skriftleg om eit så alvorleg inngrep på eigedomsretten? Det viste seg at søknaden om oppstart var ei A4 side. Det hasta svært å få dette gjennom, fordi ein skulle søkje om tilskot frå staten, så det var alt ein hadde tid til. Kva med litt respekt for grunneigar?

Les også: - At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

Les også: – Ønskjer hamn hjarteleg velkommen i Erdal

«Me vil helst ha Erdal»

Denne utsegna kom varaordføraren med etter kommunestyremøtet 30.mars.

Klokt nok forstod kommunestyret 9. februar at det måtte meir til enn ei A4-side. Saka vart difor send tilbake til administrasjonen for ei lita utgreiing av fleire aktuelle stader. Saka skulle til ny handsaming 30. mars. Dette var varaordføraren sitt framlegg. Med bakgrunn i ei enkel utgreiing på 30 sider, gjekk innstillinga ut på at Bermålsviki var den einaste staden som var eigna til ein sambrukskai.

Les også: Her kan det koma tømmerkai

Nummer to på lista var gamle Habben, som rett nok pr. i dag ikkje har fasilitetar til tømmeraktivitet. Dei andre utgreidde stadene, vart stempla som ikkje eigna av ymse grunnar, mellom anna bumiljø.

Etter reaksjonane å døme, vart ja-politikarane heilt paffe då dei fekk utgreiinga, og såg at Erdal var langt nede på lista. Då gjorde dei det sjakktrekket at dei såg heilt bort frå tilrådinga frå administrasjonen. Kva om ei meir omfattande utgreiing viser det vi med ein smule logisk sans allereie trur, at det ikkje er mogleg å etablere eit slikt kaianlegg nokon stad i Lærdal og i alle fall ikkje i Erdal? Då har kommunen kasta bort store midlar av næringsfondet, som skal brukast til reelle tiltak for etablering av ny næring og utvikling i landbruket.

Heilomvending

På folkemøtet 22. mars hevda Hallvard Thomassen at pelletsfabrikken på kort sikt ikkje trengde kai. Dei kunne bruke tømmerkaien i Kaupanger. Så, same dag som formannskapet hadde møte, kom det eit brev frå Ecoinowaste. Der var det heilomvending. Dei tenkjer no å ha tømmer-/flishandteringa på kaien, eller på eit areal i tilknyting til kaien.

Les også: Simas vurderer tømmerhandtering på kaiområde – vil krevja meir plass

Til det treng dei eit areal som tilsvarar ei og ei halv fotballbane. Grunnen til heilomvendinga var at det kom klager på folkemøtet om at ein var redd det kom til å verte støy frå fliskuttinga. Det ville også uroa laksen i elva, vart det sagt.

Trass i at kaien då vil krevje endå meir areal, som vi ikkje har i Erdal, stemde altså fleirtalet for at to stader i Erdal i tillegg til Bermålsviki skal utgreiast vidare. Veldig logisk.

Les også: Kai i Lærdal: – Me politikarane sit att som spørsmålsteikn

Alt er førehandsbestemt på bakrommet

Når vi ser på måten både den politiske leiinga og SIMAS/Ecoinowaste har gått fram i denne saka, verkar det som det er førehandsbestemt at ein skal ha kai i Erdal. Det spelar inga rolle om det kjem fram at staden er vurdert ueigna til føremålet, eller er for liten reint fysisk.

Det er underleg å sjå at den einaste grunnen til at ein skal etablere tømmerkai, er at ein har fått spørsmål frå SIMAS om å få etablere ein kontroversiell fabrikk i kommunen. Kravet er at Lærdal stiller med regulert tomt og ein tømmerkai. Lærdal har altså ingen av delane. Så då hastar det slik å springe deira ærend at alle juridiske omsyn og vanleg folkeskikk må vike. Dei har enno ikkje søkt om etablering, så alt arbeidet og uroa dette har skapt i bygda kan vere bortkasta.

Ordføraren vrir på sanninga

I kommunestyret 30. mars gav ordføraren uttrykk for at han ikkje ville godta endå ei utsetjing. For å understreke at det «hastar» å få til eit vedtak om etablering av kai, argumenterte han med at alt fire år før hadde han fått førespurnad frå Vestskog om etablering av tømmerkai i Lærdal. Han sa vidare at Viken Skog har behov for tømmerkai i Lærdal så fort som råd, fordi tømmerkaien dei har i Drammen skal leggjast ned.

Herr ordførar, dette er i beste fall å snakke romsleg. Kvar har du det frå? Vestskog har alt det dei treng av tømmerkaiar innover i Sognefjorden. Dei har Kaupanger, som dei nyleg har fått utvida med statstilskot. Dei opplyser at dei aldri har vore interesserte i tømmerkai på sørsida, inst i Sognefjorden, ikkje for fire år sidan og ikkje no.

Det er ikkje tømmer korkje i Lærdal, Aurland eller Årdal, som kan forsvare etablering av ein slik kai. Dessutan er det ingen stader her inne i dei tronge fjordarmane som er eigna til tømmerkaiar, då det stort sett er nær tettstader og folk sitt nærmiljø. Ein legg berre ikkje ein tømmerkai i nærleiken av bustader. Til det støyar det for mykje. Det er å be om bråk, har eg fått opplyst frå det haldet.

Det er heller ikkje slik at Viken Skog, som mellom anna har Hallingdal og Valdres i sitt område, ser behovet for å etablere tømmerkai i Lærdal. Som avlasting kunne dei vere interesserte i å skipe tømmer frå Lærdal, om det alt låg ein kai der, men det er heilt uaktuelt for dei å vere med å etablere/finansiere ein tømmerkai utanfor nedslagsfeltet deira.

Sjølv om Drammen skulle verte borte – det er enno ikkje avgjort - ville dei nok sjå på andre stader på austsida. Eg oppfattar at det nesten ville vere utenkjeleg at dei skulle føretrekkje å frakte tømmeret sitt ut heile Sognefjorden for å få det nedover til kontinentet eller til Sverige, sjølv om fraktekostnaden sjøverts er langt billegare, i staden for å skipe det frå ein stad austpå.

Politisk spel

Dette ser ut til å vere eit reint politisk spel, der ein vrir på sanninga for å få det som ein vil. Er det slik partifellene også blir orienterte? Det er då ikkje rart at dei sit som skamfulle ungar i kommunestyret, ser i tastaturet, og har ikkje behov for å gå på talarstolen og seie kva dei sjølve meiner. Det er påfallande kor stor semja er.

Med eit grunnlagsmateriale som er så tynt, og med ei klar innstilling frå administrasjonen, med utgreiing, ville eg trudd at det ikkje berre var opposisjonspartia som hadde tenkt gjennom kva som skal til for å etablere ein slik kai i Lærdal.

Det er også svært påfallande at det berre var representantar for opposisjonspartia som fann det interessant å ta ei befaring på dei aktuelle stadene før møtet. Hadde fleirtalspartia gjort det same, kunne fort resultatet vorte annleis, og mykje pengar som no går til unødvendig utgreiing vore spart.

Kanadiarar – kven er dei for oss, eller kven er vi for dei?

Kva ligg bak dette utidige presset? Kva uimotståelege lovnader har kanadiarane kome med, som gjer at ein kan ofre grøne Lærdal, og respektlaust trakke over grunneigarar og naboar, for å få det som dei vil? Er det berre for at kanadiarane skal få brese og vise seg fram for eigen profitt? Kva får folk i Lærdal att for det? Står det til truande når Hallvard Thomassen hevdar at det kjem turistar hit for å sjå på korleis ein brenn bos?

Unnskyld? Reiser du til ein stad som har mange kjende turistattraksjonar, er det bosbrenningsanlegget på staden du då vil sjå? Neppe. Det er sjølvsagt for heilt spesielt interesserte, og då er vi tilbake til kanadiarane – det er rein marknadsføring for det kanadiske firmaet, som eigentleg er meir interessert i Europa. Kva veit dei om norsk natur, fauna, liv og levnad? Bortsett frå at dei får demonstrert kor «grønt» dette er, rett ved allfarvegen, er nok Lærdal i seg sjølv uinteressant for dei. Det er litt påfallande at ingen andre eigarkommunar har fatta interesse for dette prosjektet.

Fliskuttarar lagar sterk støy

Akkurat det har no leiaren ved pelletsfabrikken i Hallingdal stadfesta: Dei har fått klager frå naboar på sterk støy. Dei har prøvd å byggje inn maskinane, men til liten nytte.

Med den kunnskapen eg forstår Hallvard Thomassen har om pelletsproduksjon og tømmerhandtering, er det skuffande at han står og bagatelliserer kva støynivå vi snakkar om, og det er sjokkerande å høyre at han vil velte dette problemet over på andre, vel vitande om at kvar enn ein legg tømmerkai i Lærdal, vil det vere i nærleiken av nokon sitt bumiljø. Er dei som bur i Erdal eller på Strendene mindre verd enn laksen i elvi og dei som bur lenger oppi bygdi?

Eg oppmodar den politiske leiinga i Lærdal å setje seg inn i kva støynivå vi snakkar om, og korleis desse maskinane ser ut. Eit Google-søk er nok. Dei oppe i Erdal som ynskjer kai velkomen, skal nok få høyre fliskuttarane, sjølv til fjells.

Inga skam å snu

Dumskap er noko ein gjer ein gong, toskeskap gjer dei som ikkje veit betre. Det som no skjer liknar litt på det siste.

Både tiltakshavarane og den politiske leiinga i kommunen let berre att augo og set på skylappane for all logikk. Dette har vorte eit prestisjeprosjekt langt forbi «point of no return». Alle som bur i Lærdal, og vi andre som reknar bygda som heimbygda vår, har interesse av at det skal skje utvikling der, med gode og trygge arbeidsplassar.

Skal ein tru åtvaringane som kjem frå folk som snakkar av erfaring, ser det ut til at dette er alt anna enn trygt. Med den superteknologien dette bosbrenningsanlegget skal ha, er det vel ikkje brennsikkert at dei som alt bur i Lærdal kan gå rett inn her heller, no offence, som det heiter. Kanskje ein likevel må få spesialistar utanfrå. Kva skjer når «investoren» spring vidare? Kva skjer når det innan kort tid sikkert kjem krav om gjenbruk og resirkulering av alt avfall?

Kjære fleirtal i kommunestyret: Stopp opp og tenk nytt, før de skjemmer dykk ut. Eit godt ettermæle er å snu i denne saka. Sei heller ja til noko anna.

Ingrid Bjørkum, grunneigar i Erdal

Til toppen