LUKKA: Når politikarane og administrasjonen i dag, torsdag, diskuterer korleis dei skal finna innsparingar på over ti millionar til 2017-budsjettet, går møtet bak lukka dører. Frå venstre: Kåre Mentz Lysne (Ap), Trond Øyen Einemo (H), Alf Olsen jr. (rådmann) og Anne Marie Mo (økonomirådgjevar). Arkivfoto
LUKKA: Når politikarane og administrasjonen i dag, torsdag, diskuterer korleis dei skal finna innsparingar på over ti millionar til 2017-budsjettet, går møtet bak lukka dører. Frå venstre: Kåre Mentz Lysne (Ap), Trond Øyen Einemo (H), Alf Olsen jr. (rådmann) og Anne Marie Mo (økonomirådgjevar). Arkivfoto

Lukkar møte om budsjettet i Lærdal: – Ikkje greitt

Generalsekretær i Norsk presseforbund, Nils E. Øy, tykkjer lukkinga av budsjettmøtet i Lærdal i dag,m torsdag, er på syltynt grunnlag.

Lærdal: Møta mellom politikarar og administrasjonen i Lærdal torsdag som skal diskutera innsparingar i kommunen går føre seg bak lukka dører. I møteinnkallinga er det vist til kommunelova paragraf 31-3, som seier at dei skal lukka møta når det gjeld tenestetilhøve for einskild arbeidstakar.

Det meiner Generealsekretær i Norsk Presseforbund, Nils E. Øy ikkje held vatn.

SYLTYNT: Generalsekretær i Norsk presseforbund, Nils E. Øy, meiner grunnlaget for å lukka budsjettmøte i Lærdal er syltynt.
SYLTYNT: Generalsekretær i Norsk presseforbund, Nils E. Øy, meiner grunnlaget for å lukka budsjettmøte i Lærdal er syltynt.

- Det er ikkje greitt. Her skal ikkje einskildpersonar diskuterast, men kva tenester kommunen skal ha. Det er nettopp difor me har offentlegheitsprinsippet. Her må dei då innretta møtet så ikkje einskildpersonar blir omtalte. Møtet bør dei pent ta ut av det lukka rom, det både bør og skal dei gjera.

Les også: – Eigedomsskatt? Då må det bli verre

Les også: Lufta forslag om å privatisere kommunale tenester

- Må skilja mellom einskildpersonar og stillingar

Overfor Sogn Avis forsvarar rådmann Alf Olsen i Lærdal lukkinga med at dei skal sjå på eining for eining i kommunen, og at ein i ein liten kommune som Lærdal kjem ned på einskilde arbeidstakarar i slike møter.

- Me må ta føre oss ei og ei teneste, og tenesteområda er ikkje større enn at folk kan identifisera seg med dei tenestene som det er snakk om, sa han til avisa onsdag.

Nils E. Øy i Norsk presseforbund strekar under at einskilde arbeidstakarar og stillingar er to ulike ting.

- Her er det snakk om stillingsheimlar og stillingsbrøkar, ikkje einskildpersonar. Det kan vera snakk om å kutta tenester som ikkje er lovpålagde, og mange vil vita kven det gjeld. Men dette er altså styring av kommunen, ikkje kritikk av einskildpersonar.

Kjenner ikkje til at budsjetthandsaming er lukka på denne heimelen tidlegare

Arnt Erik Nordheim, seniorrådgjevar på juridisk avdeling hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, fortel dei kjenner til saka, og at han kan seia følgjande:

- Heimelen det blir vist til går ut på å lukka møte av omsyn til den einskilde tilsette og vedkomande sine personlege eigenskapar. Typisk i til dømes tilsettingssaker, om ein særskild tilsett er eigna til stillinga det er snakk om. Heimelen er ikkje meint å dekka organisatoriske tilhøve, altså løns- og personalforvalting i vid forstand.

- Her er det jo snakk om å kutta stillingar fordi kommunen ikkje har råd til stillingane, det går ikkje på tilsette sine personlege eigenskapar. Då må det no vera rimeleg tynt å lukka eit møte på bakgrunn av denne heimelen?

- Me har ikkje konkludert i denne saka. Det eg kan seia er at eg ikkje er kjend med at denne heimelen er brukt for å lukka budsjetthandsamingar tidlegare.

Øy i Norsk presseforbund fortel at det ikkje er uvanleg at kommunar finn måtar å lukka budsjettmøter på når dei må kutta stillingar.

- Eg seier at mange politikarar blir feige når dei blir nøydde til å gjera innskrenkingar, då vil dei ikkje at andre skal vera til stades. Slike grep gjer sjølvsagt vondt, men rolla dei har teke på seg inneber slikt.

 

Til toppen