OPTIMIST: Håvard Øyrehagen, leiar for Prosjekt sau og utmark, trur satsinga deira har vore med på å snu den labre stemninga som var i næringa for eit par år sidan.
OPTIMIST: Håvard Øyrehagen, leiar for Prosjekt sau og utmark, trur satsinga deira har vore med på å snu den labre stemninga som var i næringa for eit par år sidan. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Lukkeleg slutt for saueprosjekt: – Bøndene har tru på framtida

– Du brukar ikkje mykje pengar, verken på å byggje ny fjøs eller ruste opp den gamle, viss du ikkje trur det skal løne seg.

Lærdal: Seminaret «Garden som leveveg» vart halde i Lærdal kulturhus over to dagar fredag og laurdag. Det markerer samstundes slutten på Prosjekt sau og utmark som har gått over dei siste fire og eit halvt åra.

– Prosjektet vart starta for å styrke sauenæringa i Lærdal, Aurland og Årdal og eg trur vi har greidd å auka optimismen, fått folk til å tru at det er ei næring for framtida og rett og slett satsa på sau, seier prosjektleiar Håvard Øyrehagen.

Og ramsar opp tala som støttar den påstanden:

Les også: Kursa seg i gardsbyte

FORNYA OPTIMISME: Rundt hundre personar har delteke på dei siste samlingane, kanskje litt færre på det avsluttande seminaret. 
FORNYA OPTIMISME: Rundt hundre personar har delteke på dei siste samlingane, kanskje litt færre på det avsluttande seminaret. 

Har stoppa nedgangen

I prosjektperioden har det blitt bygd fem nye fjøsar og fleire er under planlegging. Åtte fjøsar er bygde om og moderniserte, klare til å auke produksjonen. Tretten gardsbruk har hatt generasjonsskifte og åtte nye sauebruk har kome til.

Kort sagt er pessimismen snudd og nedgangen i talet bruk har stoppa.

OPTIMISTISK TILHØYRAR: Solgun Haugen tok over familiegarden i Borgund i fjor og har rundt hundre vinterfora sauer. – Du vil alltid trenga bonden og du treng sauene på beite, ellers gror alt at. Sauemiljøet i desse tre kommunane er veldig oppegåande, så eg har trua, seier ho.
OPTIMISTISK TILHØYRAR: Solgun Haugen tok over familiegarden i Borgund i fjor og har rundt hundre vinterfora sauer. – Du vil alltid trenga bonden og du treng sauene på beite, ellers gror alt at. Sauemiljøet i desse tre kommunane er veldig oppegåande, så eg har trua, seier ho.

– Det viser at bøndene har trua på framtida. Du brukar ikkje mykje pengar, verken på å byggje ny fjøs eller ruste opp den gamle, viss du ikkje trur det skal løne seg. Det er òg tydeleg når folk får neste generasjon til å ta over, så meinar dei at det er verd å driva vidare. Det viser at det er ein optimisme i næringa, seier Øyrehagen.

Trur på varige verknader

Dei siste samlinga dei har hatt har samla over hundre personar kvar gong. Det meiner prosjektleiaren viser at dei har treft ei nerve og at det er ei interesse for denne typen fagleg utveksling.

Prosjektet sluttar altså når pila har byrja å peike rett veg. Øyrehagen seier det handlar om å finne ei ny retning, så må resten få gå av seg sjølv. Uansett er han temmeleg sikker på at prosjektet har gitt verknader som varer.

– Du greier aldri å spå framtida, men eg trur at dei som har delteke har fått med seg verdifull erfaring. Næringane i desse tre kommunane har lært seg å samarbeida på ein heilt anna måte enn dei har gjort tidlegare. Så eg har tru på at dei kjem til å halde fram med det og då vil dei greie å halde trykket oppe på resten òg, seier han.

Til toppen