KOLOSS: BMW X5 er diger. Innvendig følgjer han opp med svært god plass. (Foto: Jan Harry Svendsen)
KOLOSS: BMW X5 er diger. Innvendig følgjer han opp med svært god plass. (Foto: Jan Harry Svendsen)

Luksus levert med støpsel

(NPK-NTB Tema): Takka vera batteripakke og elmotor får du miljørabatt på BMW X5. Men pluggar du han ikkje inn, går du glipp av forbruksfordelane.

Som ein kva som helst annan elbil koplar eg den digre BMW-en til stikkontakten. Det klikkar i nokre relé, og ringen rundt ladekontakten tek til å pulsera i ein blå farge. Ladeprosessen er i gang, og nettopp dette ritualet er nødvendig for å utnytta sparepotensialet til bilen til det fulle.

Artikkelen held fram under biletet. 

ANONYM: Edrive – det er det einaste, saman med tanklokket på framskjermen, som sladrar om at du køyrer ladbar X5.
ANONYM: Edrive – det er det einaste, saman med tanklokket på framskjermen, som sladrar om at du køyrer ladbar X5.

Firesylindra bensinmotor

Under panseret er det god plass. For der du ventar å finne ein V8ar – eller i det minste ein rekkjeseksar – er det ein firesylindra rekkjemotor med eit slagvolum på to liter. Men det er meir under panseret enn det auga ser. BMW X5 40e er ein ladbar hybrid, og saman med den 8-trinns automatiske girkassen sit ein elmotor på 83 kilowatt med 250 newtonmeter i dreiemoment. Dermed blir systemytinga på testbilen 313 hestekrefter, medan ein totalt sett har 450 newtonmeter å rutta med.

Sjølv hevdar BMW at kraftpakken skal suga i seg så lite som 0,33 liter per mil ved blanda køyring. Det er nok vel optimistisk. På ein typisk pendlartur der distansen var 52 kilometer – og køyremønsteret var alt frå motorveg til køkøyring – enda vi opp med eit forbruk på 0,58 liter per mil. Og då starta vi med fullt batteri, og la oss på ein sparsam køyrestil.

Artikkelen held fram under biletet. 

EIGE ROM: Ladekabelen har fått eit eige oppbevaringsrom i X5.
EIGE ROM: Ladekabelen har fått eit eige oppbevaringsrom i X5.

Lita rekkjevidd

På kortare turar kan du køyr X5en heilelektrisk. BMW opplyser at rekkjevidda ter 31 kilometer med fullt batteri, men i praksis kjem du knapt to mil før den firesylindra bensinmotoren blir vekt til live.

Få kjøper nok likevel bilen ut frå miljømessige omsyn, og få vil nok også gå omvegen rundt ladekabelen. Klissvåte hendingar etter å ha fjerna ein regnvåt ladekabel, harmonerer dårleg med mjukt nappaskinn av beste kvalitet. Ladekabelen blir nok difor ofte liggjande i det spesielt tilpassa rommet i bagasjerommet.

Artikkelen held fram under biletet. 

LADING: Luka til ladeporten sit på venstre framskjerm. Fullada har bilen ei elektrisk rekkjevidd på knapt to mil, sjølv om BMW opplyser at han skal klara 3,1 mil.
LADING: Luka til ladeporten sit på venstre framskjerm. Fullada har bilen ei elektrisk rekkjevidd på knapt to mil, sjølv om BMW opplyser at han skal klara 3,1 mil.

Lettkøyrd, men diger

Ute på vegen viser X5en typiske BMW-kvalitetar. Trass i tyngda si er bilen lettkøyrd. Oversikta er god, og komforten i ein klasse for seg. Enkelte vil nok meina at bilen er i største laget for smale bygater – men avanserte sensorar og kamera gjer likevel lukeparkeringar til ein leik.

Det er på landevegen denne bilen verkeleg kjem til sin rett. Komforten er ypparleg, berre hjulstøyen er påtrengjande. Men du sit godt i komfortable sete med god støtte. Førarmiljøet er oversiktleg, instrumenta lettlesne og kvalitetskjensla naturleg nok på eit svært høgt nivå.

Plassen er også god anten du sitt framme eller om du blir plassert i bakseta. Det er lite å trekkja for – sjølv dei som likar ein litt sportsleg køyrestil, vil finna seg til rette i X5.

Artikkelen held fram under biletet. 

KVALITET: Førarmiljøet er svært oversiktleg. Kvalitetskjensla er i ein særklasse.
KVALITET: Førarmiljøet er svært oversiktleg. Kvalitetskjensla er i ein særklasse.

Saumlaus

Drivlina leverer også varene. Den 8-trinns automatiske girkassen sjaltar umerkeleg, og dei ulike køyreprogramma harmonerer godt med motorkarakteristikk og effekt.

Takka vera den elektriske motoren blir bilen oppfatta som sterk også ved låge turtal – og han er saumlaust integrert. Skifta, der elektronikken til bilen sjonglerer mellom bruk av elmotor og bensinmotor, skjer utan at du legg merke til det.

Gullgruve

Avgiftspolitikken til norske styresmakter gjer ladbare hybridar til ei gullgruve for kundane. Ved å setje inn ein elektromotor oppnår ein ikkje berre at bilen blir sterkare, raskare og meir komfortabel – ein får også ein effektgevinst bilkunden ikkje betalar noko for. Å velja ein bil med konvensjonell drivlinje, når det finst eit ladbart alternativ, verkar dermed uklokt – også om ein ikkje har tenkt å bruka ladekontakten på framskjermen. For det er jo ikkje nokon løyndom at desse bilane fungerer like godt utan at ein lader dei – men då må ein akseptera eit noko høgare forbruk.

Artikkelen held fram under biletet. 

DELT: Bakluka er delt på X5. Dermed kan det bli vanskeleg å nå heilt inn i bagasjerommet.
DELT: Bakluka er delt på X5. Dermed kan det bli vanskeleg å nå heilt inn i bagasjerommet.

Dyr pakke

Denne ladbare BMW-en kjem i to utgåver, sjølv om teknologien er den same. Skilnaden ligg i systemeffekten, og dermed også i kva du må betale. Med ein systemeffekt på 279 hk kostar bilen 779.800 kroner, medan utgåva med 313 hk kostar 823.700 kroner.

Det gjer BMW X5 til den billegaste av dei store ladbare SUVane, for både Mercedes GLE 500e og Volvo XC90 T8 kostar meir – men byr samtidig på meir kraft enn BMW. Spørsmålet er om du treng det.


(FAKTA) BMW X5 40e

Pris: 823.700,-

Motor: 4-syl bensin. Turbo. 1997 ccm. 245 hk v. 5000 o/min. 350 Nm v. 2000 o/min.

Elmotor: 83 kW, 250 Nm

Systemyting: 313 hk, 450 Nm.

Aks 0-100: 7,0 sek

Toppfart: 210 km/t

Forbruk (oppgjeve): 0,33 l/min (77 g/km)

Mål (LxBxH): 4886x1938x1762 mm

Akselavstand: 2933 mm

Eigenvekt: 2230 kg

Bagasjeplass: 500– 1720 (©NPK) liter

 

Til toppen