VEKK MED KVIKKAS: – Det er langt frå rimeleg at staten skal betale for ein jobb som ikkje blir gjort, seier Per Olaf Lundteigen (Sp). Foto: Marianne Å. Friess / NPK
VEKK MED KVIKKAS: – Det er langt frå rimeleg at staten skal betale for ein jobb som ikkje blir gjort, seier Per Olaf Lundteigen (Sp). Foto: Marianne Å. Friess / NPK

Lundteigen vil kvitte seg med Kvikkas

Kutt i laurdagsavisene betyr færre aviser å distribuere for Kvikkas, men staten betalar framleis full pris. Per Olaf Lundteigen (Sp) vil kutte ut Kvikkas.

Fleire aviser har slutta med laurdagsutgåver, noko som har bidratt til at Kvikkas leverer 9.000 færre aviser kvar dag, skriv Klassekampen. Betalinga frå staten for laurdagsdistribusjonen blir likevel verande uendra på 7,6 millionar kroner i månaden, noko som får Lundteigen til å reagere.

– Det er langt frå rimeleg at staten skal betale for ein jobb som ikkje blir gjort. Det er ingen private aktørar som ville gått inn på ein slik kontrakt, seier Sp-veteranen. Han vil prøve å få med seg Stortinget på å overlate utlevering av laurdagsavisene til Posten igjen.

Men sjølv om rekninga til staten er like stor, går Kvikkas glipp av 3,90 kroner for kvar avis som ikkje lenger blir levert.

– For oss blir det eit fråfall av inntekter fordi vi ikkje leverer like mange aviser som vi hadde antatt, seier Kvikkas-sjef Stig Kleive. Han seier jobben berre blir marginalt mindre og at selskapet framleis må køyre dei same rutene sjølv om det er færre aviser å levere.

– Eg har enno ikkje fått rapport om at vi ikkje køyrer ei rute fordi ei gitt avis har valt å kutte laurdagsdistribusjonen.

(©NPK)

Til toppen