USOSIAL: Både Kåre Mentz Lysne (Ap, f.h.), Annike Vanberg (SV) og ordførar Jan Geir Solheim (Sp, nr. 2 f.v.) meiner eigedomsskatt er ein svært usosial skatt. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun 
USOSIAL: Både Kåre Mentz Lysne (Ap, f.h.), Annike Vanberg (SV) og ordførar Jan Geir Solheim (Sp, nr. 2 f.v.) meiner eigedomsskatt er ein svært usosial skatt. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun 

Lunkne til eigedomsskatt trass økonomikrise

Lærdal kommune kan få inn inntil 16,5 millionar kroner årleg ved å innføra eigedomskatt for bustader, fritidseigedomar og våningshus. Trass dårleg kommuneøkonomi er politikarane lunkne.

Lærdal: – Det er ein veldig usosial skatt; den råkar unge i etableringsfasen like hardt som dei med romslegare økonomi. Difor skal det veldig mykje til for at Senterpartiet går inn for eigedomsskatt. Det vil bli drøfta, men signalet no er at det ikkje blir, seier ordførar Jan Geir Solheim.

På oppdrag frå politikarane har administrasjonen utarbeidd eit notat som vurderer kva som er inntektspotensialet ved å utvida eigedomsskatten til også å omfatta bustader, fritidseigedomar og våningshus på gardar. 

Notatet byggjer på opplysingar frå skatteetaten om bygga sin formuesverdi og syner at ein maksimalt kan få inn 16,5 millionar kroner årleg på slike bygg i Lærdal. Administrasjonen påpeikar at dette er svært omtrentlege tal som er meint å visa moglege beløp.

Første året ein kommune innfører eigedomsskatt skal denne vera på 2 promille av ein del av formuesverdien. Deretter kan kommunen trappa gradvis opp med inntil 2 promille årleg, til ein er komen opp i 7 promille, som er den maksimale satsen. 

Les også: Nedgang i kraftrelaterte inntekter på 23 millionar kroner

Les også: – Det er ekstremt alvorleg

– Skeiv skatt som råkar usosialt

Ved innføring av eigedomsskatt kan ein anten nytta formuesverdien henta frå Skatteetaten, eller gjennomføra ei særskild taksering. Det er eit krav at det skal nyttast taksering på fritidseigedomar og våningshus. Desse er det i følgje notatet 324 av i Lærdal.

Såleis er summen 16,5 millionar kroner bygd på eigedomsskatt med 7 promille av dei 693 verdsette bygningar som ligge inne hjå Skatteetaten, pluss 324 som ikkje er verdsette. I notatet er snittverdien av dei 693 nytta som grunnlag for å rekna ut kor mykje dei 324 ikkje-verdsette vil kunne generera i eigedomsskatt - og denne delen blir såleis svært røfleg.

Kåre Mentz Lysne fortel Arbeidarpartiet er svært delt i spørsmålet om eigedomsskatt.

– Me har heile tida vore mot eigedomsskatt fordi me har fått inn mykje her frå verker og bruk. No har situasjonen endra seg, og det er ulike meiningar både i kommunestyregruppa og blant medlemmane våre. Så me må ta ein grundig prosess på dette og vekta mellom ulike tiltak for å få budsjettet i balanse.

– Er det ikkje litt rart at Arbeidarpartiet er mot eigedomsskatt?

– Det har med historikken å gjera; personleg tykkjer eg også det er ein svært skeiv skatt som råkar usosialt. Den kjem nok på eit tidspunkt, spørsmålet blir når.

Vil først sjå på organisasjonsstrukturen 

Eit første år med eigedomsskatt i Lærdal vil kunne gje drygt 4,7 millionar kroner i inntekter for kommunen, det er altså basert på 2 promille. Her er dei usikre våningshusa med i summen. Gjennomsnittleg skatt per eining ut frå 2 promille er rekna ut til å vera om lag 4 650 kroner. Etter innføring kan skattesatsane også justerast ned. 
 
Det er høve til å avrense skattlegginga til deler av kommunen. Vert heile kommunen teken med i skattlegginga, er det høve til å gjera fritak for fritidsbustader. Utvidar ein til bustader, må våningshus også vere med.

«Skattepartiet» SV er heller ikkje veldig gira på eigedomsskatt i Lærdal, men Annike Vanberg ser at det kanskje må til. 

– Me har diskutert dette på gruppemøte. No har kommunen kutta og kutta og framleis er det langt att til målet om balanse, då blir eigedomsskatt vanskeleg å koma utom. SV ønskjer heller ikkje dette, for det er ein usosial skatt.

Likevel meiner Vanberg ein først skal sjå på organisasjonsstrukturen. Altså om ein har råd til ein organisasjon med kommunalsjefar under rådmannen i tillegg til leiarar ved dei ulike einingane.

– Eg seier ikkje at me skal tilbake til ein tonivåkommune, men når me ikkje har råd til å ha tre skular har me kanskje ikkje råd til tre nivå i organisasjonen heller. Ein må i alle fall sjå på det, og SV er vel så opptekne av det som å hiva seg rundt med eigedomsskatt. 

Les også: Ljøsne skule blir lagt ned

To tredeler av landets kommunar har eigedomsskatt på bustader

280 av landets 428 kommunar har eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader. I Indre Sogn har fire kommunar eigedomsskatt på bustadhus: Årdal, Sogndal, Vik og Leikanger. Vik nyttar 6 promille, dei tre andre 7, altså maksimalt.

Kor høg eigedomsskatten blir for den enkelte bygning er ikkje heilt rett fram; det kjem an på om formuesverdi frå Skatteetaten er lagt til grunn eller om det har vore kommunal taksering. Kommunane kan også innføra botnfrådrag, altså at bustader med låg verdi får svært låg eller ingen eigedomsskatt. 

I tillegg blir sekundærbustader (typisk utleigebustader) skattelagde vesentleg tyngre enn primærbustad og det gjeld eigne reglar for fritidsbustader. 

Slike tilhøve gjer at eigedomsskatten varierer mykje frå kommune til kommune sjølv om ein legg like store bustader og same promillesats til grunn. I følgje ei liste på smartepenger.no er til dømes eigedomsskatten på ein einebustad, 120 kvadratmeter, 5880 kroner i Vik og 2500 kroner i Årdal. Det til trass for at Vik opererer med 6 promille og Årdal med 7.

Ser ein på landssnittet betalar eigar av ein sentrumsnær einebustad på 120 kvadratmeter 3 877 kroner i eigedomsskatt i 2016.

Meiner eigedomsskatt vil gjera Lærdal mindre attraktivt

Trass i at to tredeler av landets kommunar har eigedomsskatt på bustader og fritidseigedom meiner ordførar Solheim innføring av dette i Lærdal vil slå negativt ut.

– Mykje handlar om ordet attraktivitet. Folke- og barnetalet har gått ned i kommunen og eigedomsskatt meiner me vil gjera det mindre attraktivt å flytta til Lærdal, særskild for nettopp unge og barnefamiliar.

– Men kjem ein utom det med den rådande økonomiske stoda?

– Det kan du seia. Gjennom prosjektet Sunn kommuneøkonomi ligg det ei potensiell innsparing på drift på 17 millionar kroner, så kjem det an på om det går an å gjennomføra alt. Du har omgyggingsprosjektet ved bu- og omsorgsheimen som vil kunne gje ei innsparing på drift på mellom 6,8 millionar og åtte millionar. Investeringa utfordrar oss, men noko av dette vil bli gjennomført, så får me sjå kor mykje og korleis.

Til toppen