VEKAS FOTO: Gro Fretland har teke vekas foto i Moadalen. Sjå heile biletet nedst i saka.
VEKAS FOTO: Gro Fretland har teke vekas foto i Moadalen. Sjå heile biletet nedst i saka. (Foto: Gro Fretland)

VEKAS FOTO

Lunsjutsikt frå Moadalen

Vekas foto er teke av Gro Fretland.

Årdal: I helga har Gro Fretland vore på tur i Moadalen og teke lunsjen sin der. Då tok ho dette blinkskotet.

– Det er ein forholdvis kort tur. Du går opp Moadalen og litt forbi Kvile, som er ein vanleg turpost. Der har dei rydda skog, og stigen går langs der det er rydda. Kvile har vore ein litt kjedeleg tur, men berre du tek dei ekstra metrane får du den flotte utsikta, seier Fretland.

Fretland tykkjer det er stas å bli lagt merke til som hobbyfotograf.

– Eg er over middels interessert, og har lært meg til i vaksen alder å bruka augene. Likevel manglar eg litt av kunnskapen, seier Fretland.

VEKAS FOTO: Gro Fretland har teke vekas foto i Moadalen. Foto: Gro Fretland
Til toppen