IKKJE FØRSTE GONG: Kai Arne Kvale var på jobb på Intersport Filefjell i lag med Leif Øyvind Solemsli då nokre utenlanske damer prøvde å lure til seg vekslepengar. Foto: Leif Øyvind Solemsli
IKKJE FØRSTE GONG: Kai Arne Kvale var på jobb på Intersport Filefjell i lag med Leif Øyvind Solemsli då nokre utenlanske damer prøvde å lure til seg vekslepengar. Foto: Leif Øyvind Solemsli

Lurare enn svindlarane

Dei tre personane som prøvde å svindle til seg pengar måndag, måtte reise tomhendt frå både Ljøsne og Tyin.

Måndag åtvara politiet mot to kvinner og ein mann med utanlandsk opphav som prøvde å svindle til seg pengar i forbindelse med veksling i Lærdal og på Tyin. Ifølgje politiet er dette eit kjent fenomen. 

Les meir: Forsøk på svindel i Lærdal

Ljøsnabui (Joker Ljøsne) hadde måndag besøk av tre damer som prøvde å lure til seg pengar. 

– Dukkar som regel opp her

– Det var det klassiske. Når eg les om svindlarar som er på rundtur, dukkar dei som regel opp her. Likevel hadde eg ikkje venta dette frå dei tre damene, seier Ansgar Brugrand, daglegleiar for Ljøsnabui. 

TO FORSØK UTAN HELL: Ansgar Brugrand ved Ljøsnabui ringte tvert for å åtvare andre om svindlarane då han såg dei reiste austover. Arkivfoto
TO FORSØK UTAN HELL: Ansgar Brugrand ved Ljøsnabui ringte tvert for å åtvare andre om svindlarane då han såg dei reiste austover. Arkivfoto

Han fortel at den første dama ville kjøpa sigaretter og betalte med ein tusenlapp. Så ville ho ikkje ha dei fordi dei var for dyre. Då dei skulle til å veksle pengar prøvde ho å gøyme eine femhundrelappen under veska ho hadde på disken, men Brugrand fekk det med seg. Så ville den andre dama kjøpe godteri, men den tredje dama ville veksle pengar først. Ho hadde pengar som ho ville veksle til ein tusenlapp. Også ho prøvde å gøyme vekk ein femhundrelapp, men klarte ikkje å lura Brugrand. 

– Då eg fekk tak i pengane to gonger på to forsøk gjekk det fort føre seg og dei reiste austover. Eg kontakta politi og ringte Joker på Borgund og på Tyin for å åtvare, seier Brugrand. 

KOM FOR SKISMØRJING: Leif Øyvind Solemsli, dagleg leiar for Intersport Filefjell AS. 
KOM FOR SKISMØRJING: Leif Øyvind Solemsli, dagleg leiar for Intersport Filefjell AS. 

Lukta lunta då dei ville ha skismørjing

På Tyinkrysset var svindlarane først innom Joker, før dei prøvde seg på Intersport Filefjell måndag ettermiddag. 

– Me har vore borti slike før. Dette var små damer utan tenner, som ikkje snakka norsk. Då dei sa dei skulle ha skismørjing, tok me til å lukte lunta. Dei betalte for smørjinga med ein tusenlapp. Så skulle dei brått ikkje ha smørninga då det kosta for mykje. Det var mykje fram og attende under vekslinga og dei prøvde å villeia oss for å lure unna pengar, seier Leif Øyvind Solemsli, dagleg leiar for Intersport Filefjell AS. 

Solemsli ringte politi og følgde dei ut. Då han sa til dei at politiet heilt sikkert ventar på dei når dei kjem til Fagernes, snudde dei og var på veg mot Årdal og Lærdal. Likevel trur han at dei hadde tenkt seg austover. 

REISTE ATT: Personane som prøvde å lure unna pengar reiste frå Tyinkrysset i ein Opel Vectra med utanlanske skilt.
REISTE ATT: Personane som prøvde å lure unna pengar reiste frå Tyinkrysset i ein Opel Vectra med utanlanske skilt.

– Dei kunne nok meir norsk enn dei synte oss, for då eg sa politi svara dei med: Nei, nei,  nei, fortel Solemsli. 

– Kjem kvart år

Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt seier at det vart med forsøket til personane som prøvde seg på svindel måndag. 

– Kvart år på denne tida av året kjem det grupper som dette. Nokre gongar lykkast dei ikkje, andre gonger blir folk lurt for nokre kroner. Det er vanskeleg for oss å gjere noko då dei som regel er borte til me kjem, seier Rimmen. 

Politiet prøver difor å åtvare folk så fort dei høyrer om slike tilfelle i distriktet. Rimmen oppmodar bensinstasjonar, spisestader og butikkar om å ikkje veksle pengar eller om å følgje godt med. 

Ikkje berre kjentfolk som bankar på

Dei siste åra har det også vore fleire tilfeller av menneske av forskjellige nasjonalitetar som går rundt for å selje ting på dørene under påskot av at dei har sjuke familiemedlemmar som treng pengar til operasjon eller medisin. 

– Desse kan vera særs pågåande og folk bør difor passe på. Om du latar opp døra så ver bestemt om du ikkje ønskjer å handle noko. Vil du handle med dei, oppmodar me om å stå på trappa, fortel Rimmen. 

Han sjølv hadde seinast besøk i Florø måndag, samstundes som det også var ein gjeng som gjekk rundt på Nordfjordeid. 

– Dei kjem nok til Sogn også. Som regel nøyer dei seg ikkje berre med å ringe på, står døra open kjem dei ofte rett inn, seier Rimmen. 

Har du tips? Send på e-post til tips@porten.no, på SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen