NYE PRØVESVAR: Luster har fått nye prøvesvar.
NYE PRØVESVAR: Luster har fått nye prøvesvar. (Foto: ARKIV)

KORONAVIRUS

Luster har fått nye prøvesvar - ingen fleire i karantene

Frå måndag er samtlege ute av isolasjon.

Lustringane har ikkje fått fleire positive koronaprøvar. Det melder kommunen sjølv. 

Dei som har sete i karantene er også ute av den. Frå måndag av har kommunen ingen i isolasjon, skriv dei.

Likevel ber dei innbyggjarane vere på passelege, og viser til det aukande smittetrykket i landet. Dei skriv at dei muterte virusa spreier eg mest.

«Me anbefaler framleis bruk av munnbind i situasjonar der ein har vanskar med å halde minst 1 m avstand.»

Til toppen