HARDT RÅKA AV FLAUMEN: Bygda Veitastrond i Luster vart hardt råka av flaumen i helga. Framleis er hundre innbyggjarar isolerte etter at ein veg vart sperra av av ras. Slik såg det ut måndag. (Foto: John Molland)
Veitastrond måndag (Foto: John Molland)
Fortunsdalen søndag (Foto: Porten.no-tipsar)
Fortunsdalen søndag (Foto: Tage Skjaak Moen)
IKKJE TRYGG: Slik såg vegen inn i Mørkridsdalen ut måndag ettermiddag. NVE varslar at det ikkje er trygt å ferdast i området. (Foto: Odd Helge Brugrand / NRK)

Luster hardt råka av flaumen, ordførar: – Må hjelpa dei med øydelagde hus

Store delar av Luster kommune fekk hard medfart i flaumen. Mørkridsdalen, Fortunsdalen og Veitastrond ser ut til å ha fått størst skader.

Luster: – Eg har vore på befaring med politiet og NVE heile dagen, og kom nett frå møte med beredskapen i kommunen, seier ordførar i Luster Ivar Kvalen.

TRAVELT: Ivar Kvalen, ordførar i Luster, har vore på befaring rundt i kommunen saman med NVE for å få oversikt på skadene. Foto: Halvor Farsund Storvik

Område i Mørkridsdalen, Fortunsdalen og Veitastrond ser ut til å ha fått størst skader. 

– Slik eg har fått referert går vassmengda i elvane ned, men dei er flaumstore. Utfordringa er at elvene hat tatt nye løp, så det renn veldig mykje vatn utanfor elva, seier Kvalen. 

Evakuering og skadde vegar

Kvalen seier at ni personar framleis er evakuerte frå bustadane sine; åtte i Fortunsdalen og ein i Mørkridsdalen.

IKKJE TRYGG: Slik såg vegen inn i Mørkridsdalen ut måndag ettermiddag. NVE varslar at det ikkje er trygt å ferdast i området. Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

I tillegg opplyser han at omlag 30 personar fordelt på to stader i Fortun og Mørkridsdalen, ikkje har vegtilkomst.

– Vegnettet i Fortunsdalen og Mørkridsdalen har fått store skader. Spesielt i sistnemnde. Det er ein del bruer og store landbruksareal og bygningar som har fått store skader i flaumen.

– Skuleelevar kjem seg ikkje heim

Vidare opplyser ordføraren at Veitastrondsvatnet har flauma og at det gjekk eit stort steinras rundt klokka 10 måndag morgon, som førte til at skuleelevar ikkje kom seg heim. 

– Eg har ikkje heilt oversikt, men eg trur det er tre-fire hus som har fått vatn i kjellaren, og vegen i området er stengt. 

Saka held fram under bilete.

Veitastrond måndag. Foto: John Molland

Ordførar: – Må hjelpa dei med øydelagde hus

Ordføraren fortel at det er fleire utfordringar kommunen må ta stilling til:

– Først og fremst må me ta vare på dei som treng det som har fått huset sitt øydelagt. Me må hjelpa dei som er isolerte og ikkje har veg til husa sine. Me skal fly mat fram til dei isolerte med helikopter.

Han legg vekt på at kommunen jobbar med å få opna vegane så snart som råd, men før dei kan gjera det må vassmengda seinkast.

Oppretta ferdselsforbod 

Politiet la måndag ned ferdselsforbod i Luster, i tillegg til Gaular og Odda, for å sikra at folk ikkje pådreg seg skader i dei utsette områda. Det skriv NRK.

Brigt Samdal, regiondirektør i NVE, seier til avisa det framleis er høg og sterk vassføring i elvane, og at det framleis ikkje er trygt, til trass for at vassnivået er på veg ned:

– I Luster vil det i alle fall ta eitt døgn til, og sjølv etter det må ein ta visse forholdsreglar. Så ein må vere forsiktig, sa han.

Til toppen