SLUTT: Skiltet på døra blir snart teke ned og 64 år som Luster Rekneskapslag er over.
SLUTT: Skiltet på døra blir snart teke ned og 64 år som Luster Rekneskapslag er over. (Foto: Privat)

Luster Rekneskapslag er historie etter 64 år

Det lokale rekneskapsfirmaet som held til på Pyramiden senter i Gaupne byrja å ta i mot kundar i 1954 og har lang, fagleg røynsle.

Luster: – Det var no nyleg i månadsskiftet juni-juli at Sogn Rekneskapskontor tok over styringa, seier tidlegare dagleg leiar, Jan-Erik Røneid. 

Han går sjølv over i rolla som medarbeidar i Sogn Reknskapskontor.

– Me sleit med å finna ein ny dagleg leiar i Luster for det er ikkje like enkelt heile tida å skaffa folk, så då slo dei to bedriftene seg saman, og me avslutta Luster Rekneskapslag. 

Vanskeleg å finna ein ny dagleg leiar

Sjølv ynskja han ikkje å vera dagleg leiar lenger.

DAGLEG LEIAR: Jan-Erik Røneid var dagleg leiar med Luster Rekneskapslag og trur det blir bra med ein overgang til Sogn Rekneskapskontor. Foto: Privat

– Eg meiner eg ikkje passar til å vera dagleg leiar, og eg tykkjer det er greitt å ha litt mindre ansvar enn det ein blir sittande med. Eg tykkjer det er heilt greitt å gå over i ny stilling for å vera sjef har aldri vore noko om å gjera for min del. 

Likevel er det fleire tilsette i Luster Rekneskapslag som har mange år bak seg og mykje erfaring i lokalet.

– Det er to damer som har jobba der i over 50 år, og dei pensjonerer seg no. Nokre av dei som har vore lengst tykkjer gjerne det er litt sårt at det er over, men folk har ikkje same tilknytning til samvirkeorganisasjonane som tidlegare, seier Røneid. 

Blir verande i Luster 

Sjølv om det lokale rekneskapslaget treng ikkje lustringane reisa til Sogndal for å føra rekneskap.

– Sogn Rekneskapskontor har kontor på Pyramiden dei òg, og det skal dei halda fram med. 

Eit bra tal lustringar har brukt Luster Rekneskapslag den siste tida. 

– Med seks tilsette det siste året har me hatt rundt 350 kundar, både store og små bedrifter. 

Trur ikkje det blir stor prisauke

Røneid tykkjer overgangen til Sogn Rekneskapskontor berre er bra.

– Eg trur ikkje dette er negativt for kundane våre, kanskje det til og med blir betre. 

Blir det dyrare no som de har bytta?

– Det torer eg ikkje å svara på, men eg trur ikkje det blir nokon veldig stor forskjell i pris. Det er bra konkurranse på sånt arbeid så det er begrensa kor dyrt det kan bli, seier han.

Til toppen