10.000: Fem av åtte nøgde ungdomar med kvart sitt stipend på 10.000 kroner, saman med banksjef Oddstein Haugen i midten.
10.000: Fem av åtte nøgde ungdomar med kvart sitt stipend på 10.000 kroner, saman med banksjef Oddstein Haugen i midten. (Foto: Linda Watten)

Unge lustratalent fekk stipend

Åtte ungdomar med ambisjonar om å utvikla seg innan næring, idrett eller annan kultur, mottok kvar kroner 10.000 kroner.

Luster: – Me har eit samfunnsansvar her i kommunen. Ungdomen er viktig og me har lyst å støtta dei, seier banksjef i Luster Sparebank, Oddstein Haugen.

I år var 20. gongen banken delte ut Kultur- og næringstipend for ungdom frå scena i Rådhusparken i Gaupne. 

Mange dyktige søkarar

– I år var det mange søkarar, og alle søknadane var interessante på kvar sin måte. No er det viktig at dei brukar talentet sitt framover, både dei som fekk stipend og dei som ikkje fekk, seier Haugen.

Han oppmodar alle som ikkje fekk i år til å søke på nytt neste år. 

– Det er nok ein del som blei skuffa, men dei må berre søke ved eit seinare høve. 

Han er nøgd med årets vinnarar og håpar dei går vidare i den greina dei driv kultur eller næring. 

– Me håpar jo alltid dei vil utvikla seg ein god del vidare og prøver å gje dei eit dytt på vegen med dette stipendet. Me ser at nokre av dei som har fått stipend tidlegare har gjort det bra i kommunen, så det håpar me skjer no òg.

Desse fekk stipend på 10.000 kroner:

  • Kristi Bjørhusdal (16) har spelt handball for Bjørn i mange år og er eit stort talent. Ho er teken ut til den tøffe handballinja på Norges Toppidrettsgymnas, og målet er å satsa.
  • Pål Fjøsne (22) har nettopp starta næring i kommunen. Han satsar no på bedrifta Gaupne Bilpleie.
  • Dordi Boksasp Lerum (15) driv med folkemusikk og kveding. Ho tek privattimar og har planar om å bli utøvande musikar. 
  • Robin Wathne Nedrehagen (19) driv med friidrett og spring enormt fort. Han har ambisjonar om å kjempa for gull i junior NM. 
  • Sigurd Marheim Watten (19) driv med styrkeløft. Han har berre drive med det i tre år men kom på 5. plass i junior NM. Målet hans er å satsa på NM og landslaget. 
  • Audun Kristian Oklevik (19) har spelt piano og gått på musikkskulen sidan han var liten. No skal han til på Viken Folkehøgskule i Gjøvik med fokus på jazz-piano. Målet er å utvikla seg som pianist. 
  • Anne Lise Urdahl (19) skal studera drama og teaterkommunikasjon i Oslo. Ho har hatt same mål sidan ho var lita og det er å bli skodespelar.
  • Sindre Veum (16) driv med troppsturn. Han er trenar, dommar og utøvar. Han har mange EM-gull saman med dei han turnar med og målet er turnskule i Danmark. 

– Me ynskjer dei lukke til med stipendet og vidare på ferda.

Til toppen