Gaupne: Sidan mars har treningssentra i Sogn vore stengt, og no har regjeringa ein intensjon om å få opna dei att den 15. juni. Det får dagleg leiar ved Luster Trening, Jori Skorve, til å juble. Ho fortel at dei er glade for å endeleg ha ein dato som dei kan forholde seg til.

Luster Trening gler seg over at dei snart kan sjå medlemmane sine att
Treningssenteret i Gaupne kan forhåpentlegvis opna dørene att, den 15. juni.