YNSKJER DET BESTE FOR ÅRDAL: Ordførar Ivar Kvalen (SP) og resten av kommunestyret i Luster røysta torsdag for at Årdal må få behalda eineretten på krafta som vert utvunne i Fortunvassdraget. Spørsmålet er om Luster sitt ynskje vert lytta til. Arkivfoto.
YNSKJER DET BESTE FOR ÅRDAL: Ordførar Ivar Kvalen (SP) og resten av kommunestyret i Luster røysta torsdag for at Årdal må få behalda eineretten på krafta som vert utvunne i Fortunvassdraget. Spørsmålet er om Luster sitt ynskje vert lytta til. Arkivfoto. (Foto: Arkiv)

Luster ynskjer å hjelpa Årdal, men har ikkje høve til å pressa Hydro

Både ordføraren og landbrukssjefen i Luster seier at kommunen ynskjer å hjelpa Årdal, men at Hydro står i ein so sterk posisjon at det er avgrensa kva dei kan gjera.

Årdal/Luster: Sjølv om Hydro sikra seg fallrettane til Fortun-Grandfastevassdraget i 1996, lyt dei ha reguleringskonsesjon til å drifta sjølve kraftverket. Denne gjekk ut i 2016. Hydro søkte om ny reguleringskonsesjon like før tidsfristen gjekk ut.

Saksbehandlingstida tek eit par år, og medan den pågår, kan Hydro henta kraft i fossen etter dei gamle vilkåra. 

Reguleringskonsesjonen styrer ikkje om Hydro skal få drifta krafta eller ei, for den er sidan 1996 deira. Men sjølve vilkåra for drift av kraftverket vert tekne opp att til vurdering.

Til dømes er det mogleg at NVE (Norges vassdrags og energidirektorat) denne gongen vil påleggja Hydro strengare krav om å oppretthalda ein høgare vasstand i elvane som dei hentar kraft frå.

Og dei kan påleggja Hydro å betala meir til Luster kommune enn dei har gjort i førre periode. Og dei kan krevja at Hydro må levera energien som dei utvinn frå Fortunvassdraget til industrien i Årdal. Det har dei pålagt Hydro so lenge Hydro har drifta vassfallet. Men frå no av meiner NVE at Hydro bør få sleppa dette.

Ordførar Kvalen: – Hydro sikra seg nasjonalt arvesølv, men på vilkår av at dei skulle sikra industrien i Årdal 

– I Høyanger hadde Hydro konsesjon på å henta kraft i førti år, og staten hadde rett på å overta fossekraftverka etter denne periodenHer tok Statkraft difor over alle kraftverka, og sikra nasjonal eigarskap med arvesølvet. Det var nokre kloke og framsynte hovud som ordna dette slik på 1950-talet, seier ordføraren i Luster, Ivar Kvalen.

Også i Luster hadde staten eigentleg sikra seg denne retten til å ta over kraftverket og fallrettane i Fortunvassdraget, 60 år fram i tid etter at konsesjonen vart gjeven. Hydro fekk fallrettane i Fotunvassdraget i 1957, og skulle dermed gje frå seg både fallrettar og kraftverk til staten i 2016.

– Den private utbyggjaren byggjer ut fossekrafta, og får lov til å driva i mange tiår, til han har tent tilstrekkeleg. I denne perioden låner utbyggjaren (Hydro) fallrettane. Når låneperioden er over kan staten ta fallrettane attende til ålmenta, forklarar Kvalen. 

Men i Luster gjekk det likevel ikkje slik til, forklarar han. 

– Hydro fekk i 1995 lov til å kjøpa seg fri frå at staten skulle overta fallrettane i Fortunvassdraget. Men som eitt av vilkåra måtte krafta gå til industrien i Årdal, seier ordføraren i Luster, Ivar Kvalen. 

Kommunestyret i Luster gjorde det dei kunne

På kommunestyremøtet i Luster torsdag røysta politikarane for at kraftutvinninga frå vassdraget må koma industrien i Årdal til gode også i framtida, slik det har vore sidan 1957, og slik det vart avtala igjen i 1995. 

– Me ynskjer å gjera det me kan for å sikra regionale interesser. Vår intensjon er at den lokale industrien vert sikra.

Kvalen fortel likevel at det er lite Luster kommune kan gjera anna enn å vedta høyringsfråsegna, ettersom Hydro sit på fallrettane, og dimed har bukta og begge endane med vassdraget. 

Landbrukssjefen i Luster: – Hydro sikra seg ein gullkanta avtale då dei overtok fallrettane frå staten

Luster kommune, Årdal kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune er mellom instansane som sender inn høyringsframlegg i samband med fornyinga av konsesjonen. 

– Vanlegvis er det slik at det vert lagt ekstra vekt på innspela til dei mest berørte kommunane. Tilrådinga frå vertskommunen si side bør telja sterkt, seier landbrukssjefen i Luster, Steinulf Skjerdal.

Han er den fremste kompetansepersonen i kommunen på Luster-Grandfastevassdraget.

Han forklarar at Hydro sikra seg varige fallrettar til Fortunvassdraget gjennom eit sokalla «føregripe heimfall», som i praksis betyr å gjera slutt på «heimfallsretten».

Retten staten hadde på å ta attende vassfallet fram i tid, vert kalla for heimfallsretten. Heimfallsretten vart gjeldande tidleg på 1900-talet då Noreg byrja å byggja ut fossekraft, etter ein lang dragkamp i Stortinget.

Tilhengjarane av heimfall argumenterte med at naturressursane kunne koma på utanlandske hender for alltid om ein la fossestryk ut for permanent sal. Heimfallsretten stod òg sterkt etter krigen. 

– Det vart skrive ein kontrakt mellom staten og Hydro i 1996, som tok føre seg kor mykje Hydro skulle betala for å vera eigar av kraftverket og fallrettane. Hydro fekk fallrettane for 540 millionar kroner, ein veldig låg sum med tanke på verdiane i fossefallet. 

Skjerdal omtalar avtalen som gullkanta for Hydro. Staten lét verkskommunen, Luster kommune, få 68 millionar av denne kjøpesummen. Dette vart til Luster kommune sitt heimfallsfond, oppkalla etter heimfallsretten over vassdraget som staten altso selde ifrå seg på billigsal.

– I 1996 vart det klart at Hydro får behalda fossefallet for alltid. Staten gav frå seg den retten. Hydro sit på verdiane. Difor vil Hydro etter alle solemerke få ein ny reguleringskonsesjon no. Men vilkåra skal drøftast på nytt, seier Skjerdal vidare, med tanke på reguleringskonsesjonen som er til behandling. 

Luster ynskjer seg pengegulrot i samband med fornyinga av konsesjonen

Eit av dei spørsmåla som har oppteke lustringane mest, er korleis minstevassføringa vert i vassdraget. Fyrst og fremst med tanke på fisken, men òg på opplevingsverdiane i å sjå elvar med rimeleg vassføring.

Ein annan ting dei ynskjer seg, er at det vert sett av eit nytt næringsfond til disposisjon. Sidan det er ein ny historisk konsesjon av høg verdi som skal verta gjeven til ei pengesterk verksemd, ser lustringane sitt snitt til å be om at Hydro må setja av eit større pengebeløp til dei.

– I tillegg ynskjer politikarane i Luster at all energien skal halda fram med å vera bunden til Årdal sin industri, men det er Olje og Energidepartementet (OED) som til sjuande og sist bestemmer det, fortel Skjerdal.

NVE sitt framlegg om at årdalsindustrien ikkje lenger skal vera sikra tilgang til energien frå Fortun-vassdraget, lyt godkjennast av OED, ved minister Terje Søviknes (FrP).

Til toppen