FESTIVALKLARE: Folk Flest skal spele på Jordeplerock i sommar. Frå venstre: Truls Langnes, Lars Berge Pedersen, Einar Bolstad, Jacob Eikenes, Tor Magne Kvamsdal, Arve Lomheim, og Oda Heidi Bolstad.
FESTIVALKLARE: Folk Flest skal spele på Jordeplerock i sommar. Frå venstre: Truls Langnes, Lars Berge Pedersen, Einar Bolstad, Jacob Eikenes, Tor Magne Kvamsdal, Arve Lomheim, og Oda Heidi Bolstad. (Foto: Privat)

Lustraband til Jordeplerock i sommar

Lustrabandet Folk Flest skal opptre på Jordeplerock i sommar, melder arrangøren torsdag.

Lærdal: Bandet som speler country- og irsk folkemusikk, er det tredje artistsleppet i rekka etter Kjartan Lauritzen og Stavangerkameratene. 

Folk Flest består av sju musikarar blant anna Einar Bolstad, som er kjend for «Sogn og Fjordane-songen». I tillegg er medlemma Truls Langnes, Lars Berge Pedersen, Jacob Eikenes, Tor Magne Kvamsdal, Arve Lomheim, og Oda Heidi Bolstad med. 

– Me er svært glade og stolte over å presentera eit sogneband som del av årets line-up. Me har alltid lokale bidrag med på festivalen og tykkjer det er spesielt viktig å gi lokale nyetablerte og band og artistar ei scene å stå på slik at dei får visa seg fram, seier marknadsansvarleg Torgeir Skjerdal i ei pressemelding. 

Tre artistar gjenstår

Bandet starta i 2016 og består av ein gjeng med røynde musikarar og speler mange spennande instrument. Fele, banjo, mandolin, gitar, bass og trommer, i tillegg til fleirstemt song. 

Folk Flest har spelt fleire festivalar i regionen og har produsert debutalbumet med same navn, som vart sleppt i februar. 

På Jordeplerock vil dei by på både kjende og ukjende perler frå ulike tidsepokar og sjangrar innan country og irsk musikk. Sangane er henta frå artistar til dømes The Dubliners, The Pogues, Willie Nelson og Johnny Cash.

Arrangøren opplyser at det framleis gjenstår tre artistar på line-upen for sommarens festival, og lovar ein god variasjon av sjangrar og artistar.

Til toppen