BLIDE MUSIKANTAR: Truls Langnes, Lars Berge Pedersen, Einar Bolstad, Jacob Eikenes, Tor Magne Kvamsdal, Arve Lomheim, og Oda Heidi Bolstad.
BLIDE MUSIKANTAR: Truls Langnes, Lars Berge Pedersen, Einar Bolstad, Jacob Eikenes, Tor Magne Kvamsdal, Arve Lomheim, og Oda Heidi Bolstad. (Foto: Privat )

Lustrabandet "Folk Flest" med plateslepp og utsolgt kulturhus

Dei byrja å spela saman som eit prosjekt i 2016, og no sel billettane til konsertane deira som hakka møk.

Luster: – Det er moro det, seier Arve Lomheim, trommis i bandet Folk Flest.

Konserten i Kulturhuset i Sogndal som skal vera i oktober, blei lagt ut søndag kveld. To døgn seinare er det utsolgt.

– Det blei så populært at Kulturhuset har lagt ut 18 ekstra billettar, fortel han.

Likevel får folk i kommunane fleire sjansar til å sjå det folkekjære bandet.

Spent på mottakinga i Årdal

– Me skal ha tre konsertar i forbindelse med platesleppet vårt i haust. Fyrst i Årdal, så på Skjolden, og til slutt i Sogndal, seier Lomheim.

Han er spesielt spent på å spela for årdølene. 

– Det blir artig å koma til Årdal og få prøvd oss der. Me har ikkje spelt der før, så det blir bra. 

Folk ynskte ei plate 

Det var i februar i år at bandet byrja å spele inn det som no er blitt deira fyrste plate saman. 

MUSIKKGLADE: Dei sju musikantane er glade i å stå på scena. Foto: Privat

– Det var så mange som spurde når me skulle spela inn plate. Etterkvart byrja me å tenkje på det og bestemde oss for å berra gjera det. 

Plata spelte dei inn i eit lite studio i Lærdal.

– Det kostar jo litt å spela inn ei plate, men me har fått god støtte frå lokale verksemder. 

Vokalisten er Einar Bolstad

Med Einar Bolstad i spissen, kanskje spesielt kjent for "Sogn og Fjordane-songen", spelar bandet noko for alle.

– Me er sju musikarar med eit aldersspenn frå 23 til 55 år. Hjå oss får publikum høyre både country og irsk-inspirert musikk. Dei andre musikarane er røynde frå både Tonereise og Gamlebanken spelemannslag. 

For folk i alle aldrar

Og konsertane dreg folk i alle aldrar til dansegolvet.

– Det er både heilt unge og eldre. Dei møter opp til både konsert og dans, seier Lomheim nøgd.

No lovar han god stemning til alle som møter på konserten deira i forbindelse med platesleppet.

– Me fornyar oss alltid litt slik at folk får høyra nye ting på konsertane. Det blir mange nye sangar på dei konsertane me skal ha no, i tillegg til dei som er på plata. 

Til toppen