Luster / Oslo: Steig gjekk vidare på blind-audition i starten av februar. Fredag var det klart for duell. Og dét gjekk vegen for 21-åringen.
Lustringen var i duell mot Emilie Aasvangen, som var først ut i med låta «After the storm» av Mumford & sons.
– Gratulerer begge to, dette er veldig bra levert, men eg tar med meg Sindre vidare, sa Morten Harket.
Etter opptreden til Steig skrytte Harket over lustringen:
– Du Sindre er spesiell, rett og slett. Du har forskjellige stader du går til i stemma di, og det er ein demonstrasjon av korleis ein kan gjere ting.
– Eg veit alltid når Morten er stolt, han snur seg mot meg med eit blikk som seier «kva trur du, Yosef? Dette er mitt lag», sa Yosef Wolde-Mariam.
Sindre sang låta «Stop this train» av John Mayer. Under opptredenen hans sat dei fire dommarane som limt i stolane. Lene Marlin, Yosef Wolde-Mariam, Martin Danielle og, ikkje minst mentor Morten Harket var alle imponert.