NOMINASJON: Geir Arve Sandvik er nominert som nummer seks på listeforslaget til Høgre.
NOMINASJON: Geir Arve Sandvik er nominert som nummer seks på listeforslaget til Høgre. (Foto: Arkiv)

Lustring er ein av to sogningar på listeforslaget til Høgre

Høgre har lagt fram sitt forslag til liste for Sogn og Fjordane valkrins. I år er det kun to sogningar på lista.

Sogn: Nominasjonskomitèen har med sitt listeforslag avslutta sitt arbeid, og no er det nominasjonsmøtet som skal sluttføre listearbeidet på møtet 8. november. Der skal listeforslaget debatterast og stemmast over.

– Lista nominasjonskomitéen no har satt saman, betyr fornying på nokre av dei sentrale plassene på lista. Partiet understrekar likevel at listeforslaget i stor grad reflekterer den same prioriteringa som partilaga har gjort gjennom prøvenominasjonen, skriv Høgre.

Nominasjonskomitéen sitt forslag:

  1. Olve Grotle (56), Sunnfjord
  2. Sven Flo (57), Stryn
  3. Elisabeth Birkeland Hatlenes (40), Bremanger
  4. Elias Eide (19), Sunnfjord
  5. Beate Dybendal Nordvik (47), Gloppen
  6. Geir Arve Sandvik (54), Luster
  7. Bjørn Hollevik (63), Kinn
  8. Solfrid Fossberg (71), Sogndal
  9. Anne Kristin Lilleaasen (55), Sunnfjord
  10. Arlene Oddbjørg Vågene (45), Kinn
Til toppen