OPNAR BUTIKK: Sissel Ailien og Bernt Aleksander Elle opnar butikken Ellevilt i Sogndal. Butikken skal selje lokale råvarer som kjøt, fisk og vilt, og det vil vera ein liten kafe ein kan eta i.
OPNAR BUTIKK: Sissel Ailien og Bernt Aleksander Elle opnar butikken Ellevilt i Sogndal. Butikken skal selje lokale råvarer som kjøt, fisk og vilt, og det vil vera ein liten kafe ein kan eta i. (Foto: Sunniva Knutsen)

Lustring opnar butikk i Sogndal, satsar på sal av kortreiste lokalråvarer

Butikken Ellevilt sel kjøt, fisk og vilt frå Sogn og Fjordane, samt cateringtenester.

Sogndal: Bernt Aleksander Elle har drive lokalmatverksemda Ellevilt på nett. No satsar han vidare og opnar butikk i Fjørevegen i Sogndal sentrum. 

I butikken kan folk kjøpa ferdige varmrettar samt kortreiste råvarer i form av kjøt og fisk.

– Me skal ha varmmat som til dømes varme lunsjar og middagar som folk kan koma å ta med, eller setja seg ned her og eta, og ta ein pause, seier Elle, dagleg leiar. 

Butikk, kafe og catering

Elle er sjølv utdanna kokk, og har dei siste åra jobba som ferskvaresjef på Spar i Gaupne, og har soleis lang erfaring med kjøt og fisk, og ikkje minst behandling av råvarer. 

Ellevilt skal tilby både råvarer og ferdige varmrettar som folk kan ta med heim, eller setja seg i kaféen og eta. Men dei vil òg satsa på catering. 

– Me vil bruka dei gode råvarene me har i disken til å utvikla cateringkonseptet vårt vidare. Då kan folk leiga oss til grilling eller koldtbord, eller levering av alt ifrå gryter til forskjellige rettar, seier Elle. 

Til det, har han Sissel Ailien med seg på laget. Ho er utdanna restaurant- og hotellkokk, og jobbar på BesteBakken på Hafslo. 

Kortreist kvalitet

Konseptet Ellevilt vart stifta i 2009, og har drive hatt eit samarbeid med Spar-butikken  Gaupne kor dei selde kjøt og fisk frå lokale leverandørar. 

Noko som har gått bra, ifølgje Elle.

– Me utvidar jo, så det er ein marknad for det. Folk er meir interesserte i å vita kvar maten kjem frå, og at det er gode råstoff, seier han. 

Kvalitet er noko han prioriterer høgt. 

– Me vil legga vekt på den gode kvaliteten på råvarene, og at dei er kortreiste når det let seg gjera.

Ikkje tilfeldig namn

– Namnet Ellevilt er vel ikkje tilfeldig, men heller eit slags spel på namnet ditt? 

– Ja. Svogeren min vart kreativ ein kveld då me sat og drakk vin, ler han og held fram;

– Sidan eg skulle selje kjøt, fisk og vilt, meinte han at Ellevilt måtte vera eit bra namn.

Til toppen