Luster: Ein av dei var Janne Cathrine Kvamme Sætherbø. Då Porten.no snakkar med ho, har ho nett snudd og køyrt tilbake til Luster etter å ha møtt ein stengd tunnel.

Ho, som mange andre, trudde nemleg at tunnelen var open måndag etter at Luster kommune delte ei pressemelding frå Statens vegvesen på Facebook på fredag.
Det dei ikkje presiserte, var når pausa skulle starta.
– Det er heilt hol i hovudet at det er så dårleg varsling frå Vegvesenet. Det er eit forferdeleg slit for oss som bur her inne. Eg tykkjer det er heilt topp at dei betrar tunnelane, men i desse dagar er det så enkelt å varsla. Dei kan nytta sosiale medium og andre verktøy, seier Sætherbø og legg til:
– Luster kommune har ei sms-varsling som når alle innbyggjarane, kvifor kan ikkje dei senda oss ei melding om slike ting?
Arbeidarane som stenger får dritten
På strekka mellom Skjolden og Hafslo i Luster driv Vegvesenet arbeid i tre tunnelar på same tid. Ottatunnelen, Råumtunnelen og Røneidtunnelen. Kolonnekjøring har ført til køar og lang ventetid for innbyggjarane.
Pressemeldinga seier at tunnelarbeidet skal ta ein pause, fordi dei må ha mildvêr for å gå vidare. Innlegget fekk oppimot 40 delingar.
Sætherbø skulle på møte på Kaupanger klokka 10, det rakk ho ikkje. Ho fortel at mange fleire var i same situasjon.
Sjølv var ho akkurat for sein til å bli med i kolonna som går kvar halve time og nytta sjansen til å snakka litt med arbeiderane som har ansvar for å stenga tunnelen.
– Dei som står og stenger vegen, får all dritten frå sinte bilistar rett i ansiktet. Han som jobba i dag, sa til meg at det er mange som har vore irriterte. Det er for gale og kunne ha vore unngått dersom Vegvesenet hadde informert skikkeleg, seier Sætherbø.
Vegvesenet svarar
Porten.no tek kritikken til prosjektansvarleg Jan Tormod Nordgulen. Han fortel at arbeidarane truleg vil halde fram ut arbeidsdagen måndag.
– Mange har reagert på at det vart dårleg informert kring pausen i tunnelarbeidet, og mange lustringar vart for seine til avtalar fordi dei trudde tunnelen var open. Kva seier du til det?
– Det er trasig når slikt skjer. Det er berre å beklaga dersom dei oppfatta at det var ope, og det ikkje var det. Det er veldig uheldig at folk vart for seine til avtalar. Eg forstår godt at folk reagerer, seier Nordgulen.
Han opplyser at tunnelen vil vera open heile februar dersom det ikkje vert mildt nok til å ta opp att arbeidet. Det er montert vass- og frostsikring i tunnelen, og dette må brannsikrast med sprøytebetong. Det kan berre gjerast i mildvêr.
– Det er eit stort arbeid som skal gjerast, og det tek tid. Viss vi har skrive at det skal vera ope og det ikkje var det, så må me berre beklaga. Det er ikkje noko meir å gjera. Av og til gjer me feil, men me er nøydde å få arbeidet gjort.
Kring klokka 11 måndag har Luster kommune lagt til ein kommentar på innlegget som omtalar tunnelarbeidet: «Statens Vegvesen melder om at det er arbeid i dag fram til klokka 18.00.»