HEIDERSPRIS: Jostein og Brit Irene Mørkrid har levert elitemjølk i 25 år på rad utan ein einaste feil.
HEIDERSPRIS: Jostein og Brit Irene Mørkrid har levert elitemjølk i 25 år på rad utan ein einaste feil. (Foto: TINE )

Lustringar fekk gjev pris for å ha levert elitemjølk

Når du har levert elitemjølk i 25 år vankar det heider og ære i form av Mjølkespannet frå TINE.

Lillestrøm/Luster: I år var det to mjølkeprodusentar frå Indre Sogn, av 28 i heile landet, som fekk Mjølkespannet: Brit Irene og Josten Mørkrid frå Fortun, og Ingvald Morken frå Marifjøra. Det kjem fram i ein pressemelding frå TINE.

Utdelinga fann stad under ei høgtideleg markering på Lillestrøm tysdag kveld i forkant av TINE sitt årsmøte.

For å få heidersprisen Mjølkespannet er kravet samanhengande 25 år med elitemjølk, og det har dei to produsentane frå Luster kommune levert.

Sogn og Fjordane er best i landet

MJØLKESPANNET: Ingvald Morken med Mjølkespannet som er laga i ekte sølv. Foto: TINE

I alt 28 mjølkeprodusentar i heile landet mottok Mjølkespannet og ni av desse er frå Sogn og Fjordane.

Det høge talet kjem av at Sogn og Fjordane er beste fylket i landet på mjølkekvalitet. Det viser statistikken. Produsentane av kumjølk i Sogn og Fjordane leverte heile 97,4% Elitemjølk i 2018. Det gjev ein solid førsteplass. 

Ikkje ein einaste glepp

Kvar dag måler TINE kvaliteten på mjølka frå norske mjølkeprodusentar. Den beste mjølka vert kategorisert som «elitemjølk». Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for mjølka, og over 9 100 dagar med god fjøsdrift må til for å kunne motta det eksklusive mjølkespannet i sølv.

Mjølka vert mellom anna analysert for celletal som fortel om jurhelsa, bakterienivå som fortel om hygienisk standard og frie feittsyrer som fortel om smaken på mjølka. Mjølka må sjølvsagt vera fri for medisinrestar og dette vert kontrollert ved kvar einaste mjølkehenting.

Fem frå Sogn fekk prisen sølvtina 

SØLVTINA: Elin Anette og Per Fridolf Hillestad har levert feilfri mjølk i 15 år. Foto: TINE

I tillegg til Mjølkespannet fekk fem mjølkeprodusentar frå Sogn utdelt sølvtina. Den blir delt ut til mjølkeprodusentar som leverer elitemjølk i samanhengande 15 år.

Dei som mottok denne prisen var Torgeir Mundal frå Fjærland, Supphellen Gardsdrift i Fjærland, Jan Mo frå Lærdal, Elin Anette og Per Fridolf Hillestad frå Hafslo, og Peder K. Nundal frå Skjolden.

Dei gjeve prisane blei utdelt av styreleiar Trond Reierstad og konsernsjef Gunnar Hovland.

Stolt styreleiar

Styreleiar Reierstad er stolt over kor dyktige og grundige mottakarane av Mjølkespannet er. Bak prestasjonane ligg yrkesstoltheit, gode hygienerutinar og grundig planlegging og oppfølging av alle delar av gardsdrifta, med stor vekt på å ta vare på dyra på beste måte.

– Høg kvalitet er det beste konkurransefortrinnet norsk mjølkeproduksjon har i konkurransen med utanlandske aktørar. I løpet av dei siste åra har andelen elitemjølk auka jamnt. Det betyr at norske forbrukarar får mjølk i verdensklasse, seier Trond Reierstad.

Mjølketal for 2018

  • Norske mjølkebønder leverte 1 435 millionar liter kumjølk til TINE i 2018. Det er om lag 21 millionar liter meir enn i 2017. Vel 104 millionar liter kumjølk vart produsert i Sogn & Fjordane i 2018.
  • I tillegg vart det levert 20,1 millionar liter geitemjølk. Det er 0,2 millionar liter meir enn i 2017. Omlag 6,6 millionar lite geitemjølk vart produsert i Sogn & Fjordane i 2018.
  • I 2018 mottok TINE 50 millionar liter økologisk mjølk.
Til toppen