Årdal: Mange i Øvre Årdal fekk merka torevêret i går kveld. Nokre kraftige lynnedslag i Fardalen følgde straumnettet og sette både straum- og kabelnettet ut av spel.
– Ein del av nettet som ligg nærast Fardalen har brunne opp. Folk har jobba i heile natt med å avdekka skadane og skaffa nok reservedelar, seier Odd Øren, dagleg leiar i breiband- og kabel-TV-leverandøren Årdalsnett.
Fryktar svidde kablar

Dei har i dag hatt det travelt med å skifta ut ei rekkje elektroniske komponentar hos abonnentane som lynet har svidd i sund.
– Me reknar med at det meste skal vera fiksa i løpet av ettermiddagen, seier Øren.
Dersom det viser seg at kabelnettet òg må skiftast ut, vil det derimot ta lenger tid.
– Då må me erstatta dei kablane. Då vil me framskynda å få fiber opp i det området, viss det er så gale, seier Øren.
Me nemner for ordens skuld at Årdalsnett er eigar av Porten.no, utan at dei har høve til å påverka journalistikken vår av den grunn.
Mindre straumstans for Hydro

For Hydro i Årdal førte uvêret berre til mindre problem. Ved metallverket var ein av elektrolysehallane utan straum i 25 minutt, medan karbonfabrikken måtte over på nadstraum etter at straumvernet vart slått ut.
– Dette medførte ein del synleg røyk fra fabrikken ei tid. Produksjonsmessig var det minimale konsekvensar og anlegget takla straumstansen slik det skulle, skriv pressesjef for Hydro i Årdal, Are Indrelid.
I Øvre Årdal mista fleire husstandar straumen etter at ein såkalla overspenningsavleiar vart sett ut av spel.
– Det er slikt som skal ryka, for den har i oppgåve å verna trafoen og slikt som kjem etter den. Men det tek litt tid å retta opp att, for me må fysisk på plass og sjekka kven av dei det gjeld, seier Edvard Holsæter, nettsjef i Årdal Energi.
Han seier abonnentane fekk att straumen rundt halv elleve søndag kveld, men at dei måtte retta ein følgjefeil måndag som gjorde nokre hytter straumlause.
