Lynvingen frå Årdal Truls Hovland byter klubb
(Bilde: arkiv)

Lynvingen frå Årdal Truls Hovland byter klubb

22-åringen Truls Hovland frå Årdal har nett signert ei årskontrakt med bergenslaget Lysekloster.

Årdal: – Eg tykkjer dette følast rett. Dei har ambisjonar om å rykke opp, og det vil eg vere ein del av, seier Hovland.

Allereie på tysdag eller onsdag reiser 22-åringen til Bergen for å vere med på Lysekloster sesongoppkøyringa til 3.divisjonsklubben. Klubben, som held til i Os kommune sør for Bergen, har som mål å rykke opp.

– Eg har no vore på eit par av treningane deira. Dei har eit godt spel, so eg har trua på opprykk, seier Hovland.

På venstresida skal han spele med tidlegare årdalsspelar Eirik Rode som back.

– Me har eit godt samspel, so dette trur eg vert kjekt, seier Hovland.

 

VONFULL: Truls Hovland vonar Lysekloster kan verte eit springbrett for fotballkarriera. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Trist, men spanande

Dette vert tredje gongen Hovland forlet heimklubben Årdal FK.

– Det er klart det er litt trist, men skal det bli noko ut av karriera mi må eg nesten ta nokre sjansar, seier Hovland.

Venstrevingen har ei kontrakt med Lysekloster på berre eitt år. Han vonar opprykk, men seier det ikkje er livsviktig.

– Uansett opprykk eller ikkje – om eg gjer det bra ein sesong kan det hende fleire klubbar syner interesse. Om ikkje eg finn meg godt til rette i Os då, seier Hovland.

– Det er det som er fint med årskontrakter – om eg føler eg får utvikla meg og Lysekloster vil ha meg med vidare kan eg det, elles kan eg sjå etter andre moglegheiter, seier 22-åringen.

Hovland reiser neste veke til Bergen. Lysekloster ligg no på andre plass på tabellen.

Til toppen