RØYSTING: Medan røystinga enda med eit 12-5-resultat når det gjaldt økonomiplanen for Okken Kraft KF, vart budsjettet til det kommunale føretaket samrøystes vedteke. 
Foto: Ole Ramshus Sælthun
RØYSTING: Medan røystinga enda med eit 12-5-resultat når det gjaldt økonomiplanen for Okken Kraft KF, vart budsjettet til det kommunale føretaket samrøystes vedteke. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Lyrikk og hattedebatt under budsjetthandsaming

Kommunestyret i Lærdal gjorde handsaminga av sakene om budsjett og økonomiplan for Okken Kraft KF meir publikumsvennleg enn kva sakstitlane skulle tilseia.

Lærdal: To lyriske innslag, ein debatt om hattar, ein kommunestyrerepresentant som i følgje ordføraren vart historisk og til slutt ei avrøysting med nokre pussige vendingar - kommunestyret i Lærdal si handsaming av budsjett og økonomiplan for Okken Kraft KF «hadde alt».

Det starta med at ordførar Jan Geir Solheim (Sp) svara på nokre spørsmål som hadde kome om gildskap i saka:

– Okken Kraft er eit Kommunalt føretak og då er det sånn at du er vald i kommunestyret til å representera kommunestyret i styret i det kommunale føretaket. Her gjeld same reglement som for formannskapet - sjølv om du har vore med på eit vedtak i saka i det kommunale føretaket før, er gildskapen til stades i kommunestyret. Det same gjeld omstillingsstyret, så representantane her er gilde i kommunestyret. 

Budsjett og økonomiplanar i strid med kvarandre

Deretter tok Kristen Olav Grøttebø (Ap) ordet:

– Styret og leiinga i Okken Kraft tilrår for kommunestyret at selskapet får setja av alt overskot til eigenkapital i åra 2016 til 2018. Dette er i direkte strid med kommunen sin vedtekne økonomiplan, det same gjeld budsjett. Okken Kraft er hundre prosent eigd av kommunen og styremedlemmane sit i denne salen.

Så stilte Grøttebø eit direkte spørsmål til Trond Øyen Einemo, som er styreleiar i Okken Kraft KF:

– Kva er bakgrunnen for at Okken Kraft KF kjem med framlegg som er direkte i strid med økonomiplanen? Me veit at det er lagt inn fire millionar kroner i utbyte frå Okken Kraft i budsjettet for Lærdal kommune 2017 - som me skal vedta seinare i dag. Eg reknar med at dei som sit i Okken Kraft sitt styre har ein plan for korleis dette skal dekkjast inn?

Skifta hatt

Grøttebø fekk kjapt svar frå Øyen Einemo

– Når det gjeld utbyte og min rolle som styreleiar får eg skifta hatt og svara som styreleiar i Okken Kraft. Der sit eg på vegner av selskapet og ikkje på vegner av eigaren. Og då gjer ein det vedtaket ein meiner er best for selskapet. Når eg set meg ned att i stolen her er eg kommunestyrerepresentant for Høgre i Lærdal kommune, og då gjer eg det som gagnar kommunen best. Det er ikkje nødvendigvis det same.

Han la ikkje skjul på at slike hattebyte både er forvirrande og har problematiske sider:

– Gjennom det vedtaket me gjer her i dag viser me eigentleg mistillit og kastar styret i Okken Kraft, per definisjon. Sett heilt på spissen. Eg har ikkje problem med dei hattane, men det er ei utfordring at rollane blir samanblanda. Difor er det eit lovframlegg ute på høyring no om at ikkje kommunestyrerepresentantar ikkje får lov å sitja i styre i Kommunale føretak.

– Lurt med lovendring

Svaret frå Øyen Einemo førte til at Grøttebø stod for torsdagens første lyriske innslag:

– Eg klarar ikkje å dy meg og vil sitera ein kjent borgynd (Johan Fjellby, red. anm): «Det er heilt greitt å møta seg sjølv i døra når ein kjenner seg sjølv att», sa han til lett humring frå salen og Øyen Einemo sjølv.

Ordførar Jan Geir Solheim fulgte opp:

– Kommunale føretak utfordrar oss på den måten, og det kan vera veldig lurt at det kjem ei lovendring her.

Så gjekk kommunestyret i ein ti minuttar pause medan Ap formulerte eit framlegg til vedtak. Framlegget som låg føre frå styret i Okken Kraft gjekk altså ut på at overskotet i selskapet skal brukast til å byggja eigenkapital dei komande åra.

Framlegget frå Ap ved Kristen Olav Grøttebø laud slik: 

«Det vert teke utbyte av Okken kraft i samsvar med vedtekne økonomiplan for Lærdal kommune, og utbyte frå Okken kraft for budsjettet 2017».

Overraskande røysteresultat

Så skulle det røystast:

– Dei som stemmer for framlegget frå Okken kraft held seg i ro, medan dei som stemmer for framlegget til Kristen Olav Grøttebø syner stemmeteikn. Og me stemmer, sa ordførar Solheim.

Her delte senterpartigruppa seg så ordføraren måtte telja opp

– Det var tolv for framlegget til Kristen Olav Grøttebø og fem mot.

Etter åp ha skoda utover salen i ti sekundar heldt Solheim fram:

– Ja, sånn er det - eg var tydeleg på kva som var for og mot, så resultatet er at framlegget frå Kristen Olav Grøttebø fekk tolv stemmer og framlegget frå Okken Kraft fekk fem.

Trond Øyen Einemo (H) var av dei som stemte for framlegget frå Grøttebø, altså mot framlegget frå styret i Okken Kraft.

Såleis blir det lagt opp til at kommunen kan ta fire millionar kroner i utbyte frå Okken Kraft i 2017 og 2018, og fem millionar i 2019 og 2020. Økonomiplanen   blir handsama og eventuelt justert kvart år.

Ordføraren: – Grøttebø blei historisk

Så skulle budsjettet for Okken kraft i 2017 handsamast som eiga sak. Kristen Olav Grøttebø gjekk på talarstolen:

– Ein økonom har kviskra meg i øyra at eg må leggja fram dette ei gong til - i denne saka og.

Ordførar Jan Geir Solheim svara:

– Det er ofte lurt å høyra på økonomar når ein skal handsama rekneskap. Det er ikkje alltid dei har rett i andre saker, men når det gjeld rekneskap skal eg ikkje underslå at det kan vera noko i det.

Kåre Mentz Lysne, gruppeleiar i Ap, er økonom. Salen humra lett - igjen.

Så kom framlegget frå Kristen Olav Grøttebø, før Grøttebø bad om replikk:

– Det er historisk, Kristen Olav - du ber om replikk på deg sjølv.

Replikken var følgjande presisering:

– Me må ta vekk det første, no gjeld det budsjettåret 2017.

Nytt lyrisk innslag

Rådmann Alf Olsen jr. kom også med ei presisering: 

– Poenget er at me skal ha ei formulering som seier at det blir teke eit utbyte som er i samsvar med Lærdal kommune sitt budsjett i 2017.

Dermed vart formulering slik: «Det vert teke utbytte frå Okken Kraft KF i 2017 samsvar med Lærdal kommune sitt budsjett 2017».

– Er me einige då, Kristen Olav? spurde Solheim.

Dei var einige og kommunestyret røysta:

– Då vart det samrøystes, sa Solheim til latter frå salen, før han følgde opp og avslutta saka.

– Eg har lyst til å sitera den same borgynden: «Dei store krisene i menneskeheita oppstår når fornuft og kjensler dreg i kvar si retning». Det såg me eit lite eksempel på her no.

Til toppen