FAGFOLK: Det må fagfolk til for å skifte ut lysarmaturane i skiløypa til Lærdal idrettslag. Østfold Energi har sponsa skigruppa med mange arbeidstimar, og elektrikarar jobbar på dugnad. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Lysande framtid for skiløypa

På laurdag føremiddag vart dei fyrste godkjendte LED-armaturane montert i skiløypa i Borgund. 

Kvar laurdag gjennom heile oktober har skigruppa til Lærdal idrettslag hatt dugnad i Borgund for å få klar skiløypa for sesongen.

Fram til no har arbeidet bestått av skogrydding rundt heile løypa, men på denne novemberlaurdagen var dagen endeleg komen for å byrje monteringa av nye lysarmatur.

– Grunnen til at me må skifta dei ut, er fordi dei gamle armaturane inneheld miljøgiften PCB, fortel Heine Linga, leiar i skigruppa.

Artikkelen held fram under biletet.

NYE: Slik ser dei nye LED-armaturane ut. Desse vil gje eit mykje betre lys enn dei gamle, og såleis vil skiløypa bli oppgradert med mange hakk.
NYE: Slik ser dei nye LED-armaturane ut. Desse vil gje eit mykje betre lys enn dei gamle, og såleis vil skiløypa bli oppgradert med mange hakk.

Tippemidlar

For å kunne finansiere dette prosjektet, var skientusiastane avhengig av økonomisk stønad, samt tilgang på folk som ynskja å arbeide på dugnad.

Dei fekk heldigvis begge deler, og i tillegg til at alle armaturane vert bytta ut, skal også delar av ledningsnettet skiftast. Mange av lyktene som no skal vekk er allereie defekte, så utskiftinga kjem til å oppgradere skiløypa i Borgund med mange hakk. 

– Fristen for å søkje tilskot til å bytte ut slike PCB-armatur er i år, så difor søkte me om tippemidlar, fortel Linga.

Over hundre armatur

Østfold Energi har sponsa skigruppa med mange arbeidstimar med fagfolk, og i tillegg jobbar elektrikarar på dugnad. Å skifte desse lysarmaturane krev at montørane er fagkyndige, og Linga er veldig takknemleg for at dugnadsånden i Lærdal er så stor.

Artikkelen held fram under biletet.

SNØ: I sitt rette element, om enn litt vanskelege arbeidsforhold, jobbar dugnadsfolk no på spreng for å få lysløypa ferdig til sesongen byrjar. Her står Heine Linga på bakken og hjelper elektrikaren med å ta ned den gamle lykta.

Totalt skal 115 armatur skiftast ut, og dei fyrste vart montert no i helga. Håpet er å få alle dei nye LED-lyktene på plass før sesongen byrjar for fullt i desember. Sjølv om den fyrste snøen no har lagt seg i Borgund, vil dei ikkje trakke opp løypa før det ligg 20-30 centimeter snø på bakken. 

Til toppen