I OPPOSISJON: Kåre Mentz Lysne, førstekandidat for Lærdal Arbeidarparti, som hadde store ambisjonar før årets kommuneval er framleis nøgd med oppsluttninga til partiet.Foto: Ina Eirin Eliassen
I OPPOSISJON: Kåre Mentz Lysne, førstekandidat for Lærdal Arbeidarparti, som hadde store ambisjonar før årets kommuneval er framleis nøgd med oppsluttninga til partiet.Foto: Ina Eirin Eliassen

Lysne: – Trur småpartia tapte på rivaliseringa mellom Sp og Ap

Her har du fordelinga og resultatet av kommunevalet i Lærdal. 

Både Senterpartitet og Arbeidarpartiet går fram under årets kommuneval. Medan dei mindre partia Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Høgre går tilbake. 

Les også: Solheim og Senterpartiet gir ikkje klubba frå seg​

Lærdal Arbeidarparti går fram frå 25,3 under forrige kommuneval til 30,6 prosent. Det gjer at dei får inn ein ekstra kommunestyrerepresentant og endar opp på fem representantar. 

Skal vera god i opposisjon

Kåre Mentz Lysne, førstekandidat for Lærdal Arbeidarparti, som hadde store ambisjonar før årets kommuneval er framleis nøgd med resultatet og oppslutninga til partiet.

– Me fekk inn fem representantar i kommunestyret slik eg tippa. Men at Senterpartiet skulle få så mange som åtte representantar hadde eg aldri trudd. Eg tippa seks. Senterparti skal ha all respekt for eit så godt val, seier Lysne. 

Lysne seier at dei til no ikkje diskutert spørsmålet om samarbeid mellom nokre parti. Det må vente til tysdagen. Det gjeld også for Høgre og Venstre. 

– Me skal vera gode i opposisjon og polarisere på den måten. No er me i partiet klare for å føre vår politikk og det me meiner er viktig, seier Lysne. 

Trur rivaliseringa gjekk ut over dei små

Lysne trur rivaliseringa mellom Ap og Sp er årsaka til at både Ventre, Høgre og Sosialistisk Venstreparti gjekk tilbake under årets val. Eit syn som også Frode Myklebust, førstekandidat for Venstre, er samd i. 

Høgre fekk 11,4 prosen og gjekk tilbake frå 18,1 prosent i 2011. SV fekk 6,7 prosent og gjekk tilbake frå 14,4 prosent. Dårlegast gjekk det for Venstre som gjekk tilbake frå 8 prosent til 5,6 prosent. 

Dermed mistar Høgre ein kommunestyrerepresentant og har att to representantar, Sosialistisk Venstreparti mistar to representantar og står att med ein, medan Venstre mistar ein representant og står att med ein. 

– Kva tenkjer du?

– Dette var som venta at dei store partia trakk flest røyster. Slik var det både i fylket og her i Lærdal. At Jan Geir Solheim trakk så mange røyster etter den tida me har vore igjennom, overraskar meg ikkje. Han har også flinke folk med seg. Dei som har vore usikre, har nok gått mot Senterpartiet, seier Myklebust. 

– Skuffa over at me ikkje fekk behalda tre 

Trond Øyen Einemo (H) er skuffa over at partiet ikkje fekk behalde tre representantar i kommunestyret. 

– Senterpartiet gjer eit brakval, då mistar  me ein kommunestyrerepresentant og står att me to. Det er ikkje greitt, men realistisk. Det gjekk dårlegare for partiet enn eg venta, seier Einemo. 

Han er likevel ikkje av same syn som Lysne (Ap) og Myklebust (V) om at rivaliseringa mellom dei to største partia, gjekk ut over dei mindre. 

– Ap gjer eit normalt val. Sp har nytt godt av at Solheim har gjordt ein bra jobb. Me  i Høgre har ikkje vore synlege nok i mediabiletet og blir nok straffa for det. Solheim er dyktig og gjer ein god jobb, det er lett å innrømma. No er me der me er og skal gjera vårt beste framover, seier Einemo (H). 

Les også: Her er det nye kommunestyret

Til toppen