STEMNING: Hobbyfotograf  Johnny Svåi reiste opp til Skåri eins ærend for å ta dette biletet. 30-40 knips resulterte i det stemningsfulle motivet.
STEMNING: Hobbyfotograf Johnny Svåi reiste opp til Skåri eins ærend for å ta dette biletet. 30-40 knips resulterte i det stemningsfulle motivet. (Foto: Johnny Svåi)

VEKAS FOTO

Lyssette Skåri med lommelykt

Vekas foto er teke av Johnny Svåi.

Årdal: – Eg både bur og jobbar i Årdal og ynskte å visa fram inngangsporten til Utladalen og Jotunheimen, seier Johnny Svåi, som har teke vekas foto.

Sjølve fotturen fram til Skåri var ikkje lang, men akkurat denne kvelden reiste han ikkje opp for turen sin del. Intensjonen var å fotografera medan høva låg til rette for å kunna ta eit bra bilete.

– Vêret var heilt klårt, slik at eg fekk fram fjellet i bakgrunnen, og så måla eg husa med lommelykt, forklarar han, og innrømmer at det er nokre lumen i denne lykta.

Svåi kan fortelje at han nok er over gjennomsnittet interessert i fotografering og at han gjerne kombinerer trimturar med bilettaking.

– Eg liker å visa fram naturen både lokalt og til verda, og publisererer både på Facebook og Instagram, fortel fotoentusiasten.

Denne gongen nytta han også emneknaggen #mittporten. 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen