STORE ORD: Ynskjelistene er lange, og lovnadene til alle dei politiske partia er ofte store og sminka med saftige superlativ. Det er vanleg ved val.

, skriv Arne Glenn Flåten.
STORE ORD: Ynskjelistene er lange, og lovnadene til alle dei politiske partia er ofte store og sminka med saftige superlativ. Det er vanleg ved val. , skriv Arne Glenn Flåten. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

– Lyt stake ut ein ny kurs

Ordførarkandidat Arne Glenn Flåten i Sogndal Høgre meiner at arbeidsmetodane som rår i det politiske arbeidet, gjekk ut på dato ved tusenårsskiftet.

Sogndal: Me ynskjer oss betre skule, betre barnehagar, betre eldreomsorg, nytt badebasseng, ny fleirbrukshall, betre vegar, betre fritidstilbod, fleire og betre gang- og sykkelvegar, mindre utslepp og betre miljø med tiltak me ikkje merkar, mindre skatt, mindre kommunale avgifter, kortare køar og fleire parkeringsplassar, for å nemna nokre få ting.

Ynskjelistene er lange, og lovnadene til alle dei politiske partia er ofte store og sminka med saftige superlativ. Det er vanleg ved val.

Eg ynskjer her å formidla korleis Høgre vil freista å få med flest mogleg politikarar frå alle parti til å oppnå ein god vekst, ein sunn økonomi og dermed få gjennomføra ynskja våre fram mot 2030.

Fortvila over det politiske arbeidet

Me politikarar lyt sjølve bidra med å stake ut ein ny kurs. Det er ikkje nok å stemma for eller imot i dei ulike sakene til politisk handsaming. Det hjelper heller ikkje å stola på at rådmannen og administrasjonen i kommunen ordnar opp.

Eg har i inneverande periode i Sogndal vore fortvila over det politiske arbeidet. Politikarane har i mange saker vore som passasjerar i ei jernbanevogn der kun eit mindretal har hatt vindauge, frisk luft og ikkje minst bremsar.

Det har heller ikkje vore særleg rom for kreativitet eller forslag til betringar.

Ser behov for utvikling

Albert Einstein sin definisjon på galskap: «Galskap er å gjere det samme om att gong etter gong, og forventa eit anna resultat».

Arbeidsmetodane som rår i det politiske arbeidet, gjekk ut på dato ved tusenårsskiftet. Fleirtalet meiner eller trur kanskje det skal vera slik det var før, men eg har vore eigen næringsdrivande i 25 år og ser behovet for utvikling.

Korleis skal me få ynskja våre oppfylte?

– Fleire areal til næring

1. Me skal straks regulera fleire alternative areal for ulike typar næringsliv i heile den nye kommunen. I dag har me ikkje tilgjengeleg areal der mange næringar ynskjer å etablera seg. Dette gjeld både handel og industri. Dessutan lyt det i heile kommunen, og til ei kvar tid, vera lett tilgjengelege bustadtomter der folk ynskjer å bu.

2. Me lyt ha på plass ein sals- og marknadssjef i den nye kommunen. Denne jobben går ut på å trekkja til seg næringsliv og arbeidskraft. Ein slik jobb er særs personavhengig. Ringsaker kommune er blant dei få som har gjort ei slik tilsetjing, og dei har lukkast med ho. Den nye ordføraren kan delvis ha ein slik funksjon dersom ho eller han er kvalifisert til det. Kommunen lyt elles oppretta ei stilling for dette på åremål. Nye Sogndal kommune er ei gigantisk verksemd som kjem til å omsetja for cirka 1,2 milliardar kroner. Kvifor skal me ikkje ha ein seljar?


– I ferd med å lamma Sogn Næring

3. Me skal ta vare på og leggja til rette for vekst i det eksisterande næringslivet i kommunen: reiseliv, jordbruk, industri og handel, med meir. Politikarar må slutta å tru at kommunen skal utvikla næringslivet. Det skal næringslivet gjera sjølve. Kommunen skal syta for at til dømes infrastrukturen er på plass.

Balestrand, Leikanger og Sogndal kommune er i dag i ferd med å lamma Sogn Næring med å gi dei all slags moglege «dill dall»-oppgåver som har liten eller inga hensikt. Dette gjer at Sogn Næring druknar i unyttig arbeid.

Sogn Næring si oppgåve skal vera å leggja til rette for eksisterande og ny næring. La Innovasjon Norge og Kunnskapsparken ta seg av gründerane.


Digital tipspostkasse

4. Betre kommunikasjon. Me lyt ha på plass ein digital tipspostkasse (open og anonym) direkte til politikarane der både tilsette i kommunen, innbyggjarane våre og næringsdrivande kan koma med tips til betringar, effektivisering, problem dei ikkje kjem vidare med, men ikkje minst å gjera politikarane betre opplyste og få oss til å gripa tak i ting.

I dag er terskelen for å kunna ta kontakt med poliktikarane for høg for mange. Det er ikkje alle som vågar eller orkar.

Me har i eksisterande Sogndal kommune opplevd at ikkje ein gong verneombod, tillitsvalde eller fagforeiningar kjem gjennom med alvorlege problem. Korleis vert det då i den nye kommunen med over 1000 tilsette?

Arbeidsgruppe for strategi

5. Det skal etablerast ei tverrpolitisk arbeidsgruppe som skal arbeida med kva me vil med regionen dei neste 20 åra.

Gruppa skal stadig invitera inn næringslivet, offentlege verksemder og Sogn næring for innspel og dialog. I dag gjer me dette kun når me lyt kjempa for å ikkje tapa noko, til dømes for å behalda Statens Vegvesen på Leikanger.

– Lyt stola på kompetansen til dei tilsette

6. Arbeidsmiljø og kompetanse blant dei tilsette i nye Sogndal kommune. Dagens tre kommunar har mange særs dyktige medarbeidarar. Med erfaring frå Sogndal vil eg understreka at me i den nye kommunen i større grad lyt gi meir ansvar, lytta til og stola på kompetansen til dei tilsette. Det i seg sjølv vil betra arbeidsmiljøet, og auka produktiviteten vesentleg.

Eg tek opp dette med arbeidsmiljøet på bakgrunn av tips frå tilsette i Sogndal kommune, der eg har fått tilgang på, og lese, rapportar frå Stamina bedriftshelsetjeneste 2013, 2015, 2016 og 2017 om arbeidsmiljøet i kommunen.

Stig Arne Thune fann nok ut at det var to normale og ein unormal kommune som skulle slå seg saman. Problemet er arbeidsmiljøet som Sogndal dreg med seg inn i den nye kommunen.

Eg håpar dei det gjeld er i stand til å nullstilla seg og tilpassa seg kommunesamanslåinga og ein ny kvardag. Den nye kommunen lyt innføra jamleg evaluering frå dei tilsette på alle leiarar og mellomleiarar. Det skjerpar alle og opnar for å kunna rydde opp tidleg.

– Kommunen lyt starte med seg sjølv

7. Me lyt og vurdera å oppretta ei politisk arbeidsgruppe for klima og miljø. Det er mange klimatiltak som og er lønsame. Kommunen bør sette enkle krav og køyrereglar som stimulerar til miljøtiltak som verkar. Men først lyt kommunen starte med seg sjølve. Det hjelper ikkje å vera snill og sitja i ro og venta på at den nye kommunen skal gå seg til. Då får me ein kommune i stabilt sideleie.

Vegen vidare krev ein innsats der me lyt bruka kreativiteten og dei beste eigenskapane frå alle politikarane, samt innspel frå dei tilsette og innbyggjarane i kommunen.

Til toppen