ETTERLYSER BREIDDE: Administrerande direktør i Cut-e Espen Skorstad meiner arbeidslivet går glipp av store ressursar ved å oversjå dei meir introverte. Foto: Mimsy Møller/Samfoto.
ETTERLYSER BREIDDE: Administrerande direktør i Cut-e Espen Skorstad meiner arbeidslivet går glipp av store ressursar ved å oversjå dei meir introverte. Foto: Mimsy Møller/Samfoto.

Lytt til dei stille

Det er dei utettervende som oftast får dei feite jobbane. Men fagfolk meiner det ikkje nødvendigvis er så lurt.

Søkjer ein gjennom stillingsannonsane på Finn, vil ein sjå mange stillingsomtalar som har «utadvendt» som kvalifikasjon. "Vi søkjer blide og utadvendte ansatte», er ein gjengangar. Ideen om at jo meir utettervend ein er, desto betre skikka er ein til å kommunisere, samarbeide eller leie, har festa seg innan delar av arbeidslivet.

– Ein nokså høg del, rundt 10 prosent, av stillingsannonsane har «utadvendt» som eit krav til søkaren. Det er rimeleg å tru at ein god del fleire ønskjer denne eigenskapen hos søkjarar utan å bruke akkurat det ordet i annonsen. Til samanlikning, når eg har søkt på «intelligent», dukkar det opp berre to-tre treff blant fleire tusen annonsar totalt. Det interessante er at intelligens i dei aller fleste tilfelle er ein betrakteleg betre indikator på evna til å utføre ein jobb enn det ein kallar «utadvendthet», seier psykolog Rolf Lindgren.

Han legg til at undersøkingar viser at planlegging/kontroll er den personlegdomsfaktoren som best indikerer evna til å «levere varene».

Mange store introverte

I boka «Quiet: The Power of Introverts in a World That Can't Stop Talking» (2012) tar forfattaren Susan Cain eit oppgjer med dyrkinga av ekstroverte eigenskapar i samfunnet. Ho hevdar at dei som er på den meir introverte sida av skalaen, er vel så eigna til å utføre nøkkelroller, mens arbeidsplassar og skular no nærast blir designa for å premiere ekstrovert åtferd. Kunnskapen og klokskapen til introverte forsvinn i støyen dei utettervende skaper. Dette er verken bra reint medmenneskeleg sett eller for botnlinja til bedrifta, meiner ho.

Artikkelen held fram under biletet.

KOMPENSERER: USAs utanriksminister og presidentkandidat Hillary Clinton er introvert, men er flink til å kompensere. Her i Tromsø i 2012.
KOMPENSERER: USAs utanriksminister og presidentkandidat Hillary Clinton er introvert, men er flink til å kompensere. Her i Tromsø i 2012.

Kva ville Apple vore utan Steve Jobs? spør ho i boka. Vi ville neppe hatt iPhone, då Jobs' sans for detaljar, design og det brukarvenlege var sjølve føresetnaden for forretningssuksessen. Konkurrenten Microsoft er også vanskeleg å førestille seg utan introverte Bill Gates i førarsetet. Cain listar opp storleikar som Albert Einstein, Martin Luther King og JK Rowling frå VIP-lista over introverte.

Vel dei ein likar

Administrerande direktør i Cut-e Espen Skorstad arbeider dagleg med nettopp slike problemstillingar. Firmaet utformar blant anna arbeidspsykologiske testar til bruk ved tilsettingar.

HOLLYWOOD-STJERNE: Introverte Meryl Streep er ei av dei mest suksessrike og tiljubla skodespelarane i verda.
HOLLYWOOD-STJERNE: Introverte Meryl Streep er ei av dei mest suksessrike og tiljubla skodespelarane i verda.

– Det er eit kjent fenomen at ekstroverte ofte kjem betre ut av jobbintervju enn introverte. Intervjuet er jo eigentleg ein sosial arena, der mykje handlar om å bli likt av den andre – ikkje heilt ulikt dating. Tradisjonelle jobbintervju er slik sett skreddarsydd for ekstroverte, då dei blomstrar ved moglegheita til å møte eit nytt menneske og i tillegg få høve til å snakke om eigne prestasjonar. Introverte blir ofte litt brydd dersom dei skal skryte av eigne prestasjonar og trekkje fram sine «tre beste eigenskapar», seier Espen Skorstad, som meiner arbeidsgjevarar må bli flinkare til å nøye definere kva som er krava i ei stilling.

Han trur det på ein del arbeidsplassar eksisterer ei for snever førestilling om kva som er eit godt arbeidsmiljø. Bedrifter kan gå glipp av store ressursar fordi betydinga av personlegdomsmessig variasjon hamnar i skuggen av sosiale forventningar på premissane til dei ekstroverte.

– Det som er viktigast på ein arbeidsplass, er at folk gjer ein god jobb. Arbeidsmiljøet er ikkje uvesentleg, men eit godt arbeidsmiljø handlar også om å sjå verdien i eit breitt spekter av personlegdomstrekk, meiner han.

Minst like effektive

Det er ikkje dermed sagt at dei meir introverte er like godt eigna til alle arbeidsoppgåve som dei ekstroverte har ein tendens til å få.

– Men det er for eksempel gjort studiar som viser at introverte leiarar kan vere vel så effektive som meir ekstroverte, fordi dei ofte er flinkare til å lytte til medarbeidarane sine. I tillegg tar dei mindre plass sjølve, slik at andre enklare slepp til med sine idear, seier Skorstad.

Artikkelen held fram under biletet.

RELATIVT INTROVERT: Knapt nokon har sendt så store sjokkbølgjer gjennom vitskapen som relativitetsteorien til introverte Albert Einstein, her saman med den franske vitskapskvinna Irene Joliot-Curie.
RELATIVT INTROVERT: Knapt nokon har sendt så store sjokkbølgjer gjennom vitskapen som relativitetsteorien til introverte Albert Einstein, her saman med den franske vitskapskvinna Irene Joliot-Curie.

Samtidig trur han mange introverte vil ha nytte av å utvikle metodar for å kompensere for manglande ekstroversjon. Han brukar si eiga leiarrolle som eksempel:

– Eg er omtrent midt på introversjon-/ekstroversjonsskalaen. Dersom eg på ei arbeidsreise med kollegaer sit i møter heile dagen, og vi deretter skal på ein arbeidsmiddag om kvelden, treng eg litt tid for meg sjølv imellom. Meir ekstroverte vil kanskje foreslå felles museums- eller handletur, og mitt ønske om aleinetid kan fort misforståast. Erfaringsmessig har mitt behov for å vere åleine blitt feiltolka til at eg ikkje likar dei andre og følgjeleg ikkje vil bruke tid med dei. Det er ikkje sant, så eg er difor tydeleg på kvifor eg takkar nei til den type invitasjonar, forklarar Skorstad.(©NPK)

Til toppen