Årdal: Det stadfestar arrangøren til Porten.no. Etter planen skulle det vere KM i sprint på Seimsåsen denne helga.
– Underlaget har blitt utruleg hardt. Det er kome vatn i snøen, og så har det frose, seier Yngve Thorsen i Sogn og Fjordane skikrins.
Det betyr at arrangementet vert utsett til seinare i vinter. Seinast torsdag skreiv Porten.no om utfordrande vêrforhold for skisporten denne vinteren etter samtlege renn vart avlyst førre helg.
«Heldigvis» er det berre snakk om rennet på Seimsåsen denne helga. Renna i Hodlekve vil gå som planlagt, der det skal vere KM i friteknikk fredag og klassisk på søndag.
– Dei vert avvikla etter planen, seier Thorsen.