PAUSEÅR: Triatlonet i Aurland må ta eit pauseår for å kurse vaktene ved sykkelrittet.
PAUSEÅR: Triatlonet i Aurland må ta eit pauseår for å kurse vaktene ved sykkelrittet. (Bilde: Arkiv)

Må avlyse triatlon grunna nye reglar

Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon må ta pause det komande året då arrangementet ikkje møter dei nye krava. 

Aurland: Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon har vorte arrangert årleg sidan 2010, og har sidan den gong lokka rundt 300 deltakarar frå både inn- og utland. 

Frå første januar gjeld nye reglar for vakthald for ritt på offentleg veg og NRK melder at styrkeprøven må avlysast grunna dette.

– Det er så pass krevjande at vi treng meir tid til å klare det. Vi vil ikkje komme i hamn før neste år er omme. Difor må vi avlyse arrangementet neste år, seier Børge Sivertsen i arrangørstaben til NRK

Krev kursing

Det 102 kilometer lange triatlonløpet omfattar ein symjetur i fjorden, ein tur-retur sykkeltur på nesten 100 kilometer til den vesle bygda Erdal, og sprint opp Aurlandsdalen der dei kjem i mål på Østerbø. 

Det er altså sykkelrittet som skapar store utfordringar for arrangørane, der det no er 

– Utfordringa er når ein nyttar seg av lokale krefter, som gjennom jobb har kompetansen ein treng, men ikkje har gått kursa som tilfredsstiller krava, seier han.

– Det blir ei stor belastning for lokale frivillig krefter å år etter år gjennomføre arrangement om ein må under strenge krav til formell kursing, legg han til.

Håpar på å vere tilbake i 2019

Sjølv om det ikkje blir triatlon i 2018, har ikkje Sivertsen gitt opp arrangementet. 

– Vi må bruke året til å finne ut kva som ligg i regelendringane, så må vi i dialog med idrettslag og lokalsamfunn. Vi håpar å vere tilbake i 2019, seier han.

– Det er blitt eit veldig spesielt arrangement som har etablert seg som noko heilt unikt. Vi har veldig mange gjengangarar som har dette som sitt store mål og ynskjer å halde fram.

Til toppen