LAGDE PIZZA: Per Valaker var innom Årdalstangen barnehage torsdag for å lage pizza frå botnen av saman med ungane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LAGDE PIZZA: Per Valaker var innom Årdalstangen barnehage torsdag for å lage pizza frå botnen av saman med ungane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Må bli flinkare til å lage mat frå botnen av

Torsdag kunne ungane i Årdalstangen barnehage nyte ein ekstra god lunsj. 

Årdalstangen: Barnehagen hadde besøk av den pensjonerte kokken Per Valaker, som lagde pizza frå botnen av saman med ungane. 

– Det er alle tiders å vera her. Dei spør jo om alt, smiler Valaker medan han steiker lauk og paprika til å ha på pizzaen. 

Valaker har to barnebarn i Årdalstangen barnehage. Dei to og resten av 5-åringane samla seg rundt bordet då deigen skulle eltast og formast til ein pizzabotn. 

Lettvinte løysingar

Pensjonisten er utdanna kokk og fram til han pensjonerte seg for to år sidan, jobba han 20 år i Nordsjøen på fleire ulike plattformar. Han er klar i sin bodskap til alle foreldre der ute.

Artikkelen held fram under biletet.

GRØNSAKER: Valaker trur ungar et alt berre dei får høve til å smaka. Han er oppteken av at det skal vera grønsaker til middagen.
GRØNSAKER: Valaker trur ungar et alt berre dei får høve til å smaka. Han er oppteken av at det skal vera grønsaker til middagen.

– Me må bli flinkare til å lage mat frå botnen av. I dag er det for mykje ferdigmat. Ta til dømes kjøttkaker og karbonader. Ein får kjøpt heilt fin kjøttdeig på butikken, og det er fort å laga, men for mange er det lettare å gå i frysedisken og finna ferdigprodukt, seier han.

God helse

Dette handlar minst like mykje om god helse gjennom mat. 

– Nokre barn et alt fordi dei er vande med å smake på alt, og viss ein byrjar tidleg, så går det bra, men det nyttar ikkje med ein 12-åring. Då er toget gått.

– Og så er det trass alt helse i det. All ferdigmat ha konserveringsmiddel i seg. Ei anna sak er salt. Ved å lage mat frå botnen kan du sjølv bestemme kor mykje salt du skal ha, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

ENGASJERT: Ungane var engasjerte, og alle fekk prøve å fordele tomatsausen utover pizzaen.
ENGASJERT: Ungane var engasjerte, og alle fekk prøve å fordele tomatsausen utover pizzaen.

Årdal før og no

Bakgrunnen for besøket er at 5-åringane i barnehage jobbar med eit prosjekt som heiter Årdal før og no.

– I den samanheng har me hatt om mattradisjonar, og i førre veke bakte med potetkaker på gamalt vis, og me lagde steikjels. Potetkaker åt ungane, men steikjels var det ikkje alle som åt, men dei var flinke og smakte, fortel Anne Hæreid. 

– Når me då skulle lage mat som ein et i dag, veit me at dei likar pizza. Per var innom her med pizza i sommar, og den var overgod, så då veit du me var snare med å spørja han, smiler ho.

Til toppen