BORTEKAMP: Det endte med tap når årdølene møtte Florø på bortebane. Arkivfoto
BORTEKAMP: Det endte med tap når årdølene møtte Florø på bortebane. Arkivfoto

- Må få betre tru på seg sjølv

Laurdag ettermiddag møtte Jotun/ÅTIL laget Florø på bortebane. Det endte med tap for årdølene.

Årdal: Jotun/ÅTIL møtte Florø laurdag og kampen enda i nok eit tap.

Då handballkampen var slutt stod det 28-15 på måltavla i favør Florø. Laget Florø ligg på 5.plass på tabell lista, med 7 siger, 1 uavgjort og 7 tap. Jotun/ÅTIL har så langt i sesongen vunne 1 kamp.

Tabellen for kvinner 3.divisjon finn du her.

Trenar Olafur Sveinsson fortel at dei hadde ein god første omgang.

- Me hadde eit godt forsvar og etter kvart kom også angrepet seg.

Han legg til at dei hadde mange kontringar, men at dei dessverre brente litt for mange skot.

Sveinsson fortel vidare at det var den psykologiske biten som var den største utfordringa i dag

- Keeperen til Florø var veldig god i mål i dag og ho redda så og seie alle skot. Dette gjorde at jentene gav litt opp i andre omgang. Dei hadde ikkje stor nok tru på seg sjølv.

- Søstrene Furubotn var veldig gode å ha i denne kampen og Linn Løvdahl var eit anker i forsvar, avsluttar Sveinsson. 

Til toppen